Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva betyr kroppsspråket?

Kva betyr kroppsspråket, og kva teiknklassar høyrer det til? Har kroppsspråket éi bestemd meining, eller kan det tolkast på fleire måtar?

Kva betyr kroppsspråket?

Jobb saman i par, og bruk punkta under til å diskutere kvart bilete i kollasjen:

  • Korleis vil de tolke kroppsspråket i kollasjen? Kanskje det blir lettare å beskrive og tolke meininga viss de sjølv etterliknar det mannen på bileta gjer.

  • Kva teiknklassar kan kroppsspråket kategoriserast i?

  • Kan vi tolke og oppfatte kroppsspråket ulikt, eller har det berre éi bestemd meining?

  • Bileta i denne oppgåva gir ikkje noko informasjon om situasjon og kontekst. Beskriv ein tenkt situasjon der det kunne vore passande å bruke dette kroppsspråket.

  • Eit sett med 20 bilete av same mann som bruker ansiktssutrykk, armar og hender for å uttrykke glede, overrasking, sinne og frustrasjon. Foto.

Oppsummering

  • Var de samde om korleis de tolka kroppsspråket og kva teiknklassar kroppsspråket kan høyre til?

  • Kor viktig er konteksten for korleis vi forstår og tolkar ikkje-verbale teikn?


Relatert innhald

Det ikkje-verbale språket er eit språk. Vi sender og tolkar teikn når vi kommuniserer med andre, når vi ser dei i auga, smiler eller rynkar panna.

CC BY-SASkrive av Ingeborg Hagen.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2021

Læringsressursar

Ikkje-verbal kommunikasjon