Hopp til innhald

Fagstoff

Kroppsspråk og teiknklassar

Kroppsspråk inkluderer mellom anna rørsler med hovudet, fakter, ansiktsuttrykk, augekontakt og måtar å sitje og stå på. Dei fem teiknklassane er nyttige når vi skal utforske og undersøkje kroppsspråk.

Teiknklassar

Vi kan kategorisere kroppsspråket vårt i det som blir kalla teiknklassar, noko som kan vere nyttig når vi skal utforske korleis vi bruker og tolkar kroppsspråket i kommunikasjon. Teiknklassane er eigentleg berekna på handrørsler, det som kallast gestar, men kan òg brukast på andre kroppslege uttrykk (Dahl, 2001).

Emblem

Kvinne viser fingeren. Foto.

Emblem er teikn som vi etter kvart har vorte samde om betydinga av. Dei som tilhøyrer same kulturkrins, vil forstå dei på same måte. Emblem kan òg omsetjast til språk, og dei fungerer òg utan samtidig tale. Emblem er ofte medvitne. Døme på emblem er når vi nikkar eller ristar på hovudet, "viser fingeren" og ulike helseteikn.

Illustratorar

Illustratorar er etterliknande teikn, og dei blir brukte for å illustrere det som blir sagt. Illustratorar er delvis medvitne og blir ofte brukt saman med tale. Døme på illustratorar er å peike med fingeren for å vise retning og teikne ein sirkel eller firkant i lufta for å vise forma på noko, samtidig som vi forklarer det med ord.

Regulatorar

Regulatorar er teikn som nettopp regulerer samhandlinga mellom partane. Regulatorar er oftast svakt medvitne, som vil seie at vi ofte bruker dei utan at vi tenkjer over det. Døme på regulatorar kan vere teikna vi bruker for å be om eller gi frå oss ordet – det vil kallar turskifte. Det kan skje ved til dømes blikkontakt for å gi ordet vidare, eit spørjande uttrykk når vi ikkje forstår eller høyrer det som blir sagt, og avsendaren må seie det ein gong til. Det kan òg skje ved nikking for å vise at vi er samde eller forstår kva som blir sagt. I til dømes ein diskusjon eller i klasserommet er det viktig å bruke regulatorar for at kommunikasjonen skal fungere godt.

Kjenslesymptom

Ung kvinne stikker tunga ut. Foto.

Kjenslesymptom er teikn som viser kjenslene våre eller kva sinnstilstandar vi er i. Kjenslesymptom kan vere naturlege eller tillærte, medvitne eller umedvitne. Dei kan forsterke eller motseie ein verbal påstand, til dømes at du med eit stort smil seier: "Eg er så glad!" Andre døme på kjenslesymptom kan vere himling med auga, tårer, eit høfleg smil og å raudne i ansiktet.

Berøringar

Berøringar er teikn vi sender når vi rører ved oss sjølve, den andre eller gjenstandar. Slike teikn er ofte umedvitne eller ein uvane som ikkje er meint som kommunikativt teikn. Døme på berøringar er når vi fiklar med halskjedet eller slipset, kleiar oss i ansiktet, glattar håret eller fiklar med ein blyant. Sjølv om slike teikn ofte er umedvitne og noko som er naturleg å gjere, så kan dei òg til dømes verke forstyrrande eller tolkast på ein negativ måte av mottakaren.

Dei fem teiknklassane

Hand med tommel opp. Foto.

Det er glidande overgangar mellom dei fem teiknklassane, og nokre teikn kan tilhøyre fleire teiknklassar. Å klø seg i hovudet, til dømes, kan kategoriserast både som emblem og berøring. Emblem fordi vi gir teiknet ei bestemd meining, til dømes at det å kleie seg i hovudet av mange blir oppfatta som at vi grublar på noko. Men vi kan òg kleie oss i hovudet umedvite og utan at det nødvendigvis betyr at vi grublar på noko. Teiknet kan då bli kategorisert som ei berøring. Vi tolkar og forstår teikn ut frå den konteksten teikna blir brukte i, og kva for som gjeld i den gitte situasjonen.

Dei fem teiknklassane kan vere nyttige når vi skal utforske og undersøkje kroppsspråk, og dei kan òg gjere at vi blir meir klare over kva ikkje-verbale signal vi sender ut, og korleis dei kan bli tolka.

Kan du finne fleire døme på kroppsspråk i dei ulike teiknklassane?

Sjå deg rundt og legg merke til kva slags kroppsspråk som blir brukt. Er det ein eller fleire teiknklassar som dominerer?


Kjelde:

Dahl, Ø. (2001). Møte mellom mennesker. Interkulturell kommunikasjon. Gyldendal Akademisk.

CC BY-NC-SASkrive av Øyvind Dahl og Ingeborg Hagen. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 28.01.2021

Læringsressursar

Ikkje-verbal kommunikasjon