Hopp til innhald

Fagstoff

Det kinesiske skriftspråket

Berre fire gonger i menneskehistoria har gamle høgkulturar utvikla eigne skriftspråk som har fått stor utbreiing: Egypt, Mesopotamia, Maya-kulturen og Kina.
Kinesisk kalligrafi fra Yuan dynastiet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alt tyder på at desse skriftspråka oppstod uavhengig av kvarandre. Meir spesielt er det at det ser ut til at dei gjekk gjennom ein nokolunde lik utviklingsgang. Skriftspråket bestod opphavleg av biletaktige skriftteikn, som etter kvart fekk ei meir grafisk og stilisert utforming. Blant desse blei visse skriftteikn brukt til lydmessige føremål, noko som på ny blei grunnlaget for eit lydbasert skriftspråk. Bortsett frå på kinesisk.

Tydingsbasert skriftspråk

Det som særpregar det kinesiske skriftspråket, er at det «stoppa opp» før det siste utviklingstrinnet. Kinesisk blei aldri primært eit lydbasert skriftspråk, sjølv om lydelement utgjer viktige byggjesteinar i skriftspråket. Det vil ikkje seie at det er meir «primitivt», men at skriftspråket utvikla seg vidare på tydingsnivået. Dei fann nemleg ut korleis dei kunne produsere skriftteikn som uttrykte meining etter behov.

Dei gamle kinesarane hadde tidleg fleire metodar for å lage nye skriftteikn, men ingen av dei var gode nok til å utvikle eit skriftspråk vidare, før dei fann opp denne metoden for å skape nye skriftteikn. Denne prosessen starta truleg ein eller annan gong i det andre tusenåret fvt., og held på den dag i dag (for eksempel når ein oppdagar eit nytt grunnstoff og dermed treng eit nytt ord/skriftteikn for dette). Metoden går ut på å kombinere eit tydingselement og eit lydelement for å skape eit nytt skriftteikn. Sjå eigen artikkel som forklarer framgangsmåten for dette.

Kinesiske orakelbein. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå emblem til skriftspråk

Gjennom ein lang periode frå ca. 5000 til ca. 2000 fvt. har ein bevart emblem eller merke som blei rissa inn i leirkar. Nokre av desse emblema kan med velvilje kallast skriftteikn, for ein del av dei er svært like dei ein finn i dei eldste formene av skriftspråket.

Dei eldste eksempela på skriftspråk som vi rår over i dag, skriv seg frå siste del av Shang-dynastiet, dvs. ca. 1200 til ca. 1045 fvt. Det dreier seg om innskrifter på såkalla orakelbein (bukskjold frå skilpadder og skulderbein frå storfe), som kongemakta brukte til rituell spådomsverksemd. Spådomsspørsmålet, og ofte også svaret, blei rissa inn i orakelbeina.

Metoden med å kombinere eit lydelement og eit tydingselement for å lage nye skriftteikn finst i stor grad allereie i orakelmaterialet. Det må derfor ha skjedd ei betydeleg utvikling mot eit fungerande skriftspråk som har skjedd før den tida materialet vi rår over i dag, stammar frå.

Bronseinnskrifter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bronseinnskrifter og nedarva tekstar

Bronsealderen i Kina var teknologisk sofistikert og varte lenger enn bronsealderen i Vesten. Det er grave ut ei rekkje bronsegjenstandar som blei brukte i ritual. Særleg gjenstandane frå ca. 1000 til ca. 500 fvt. har innskrifter som er svært interessante både teksthistorisk og skrifthistorisk. Skriftteikn i bronse er ei vidareutvikling av skriftteikn som blei brukte i orakelinnskriftene, og dei er det viktigaste primærkjeldematerialet vi har frå denne perioden.

Dei tidlege nedarva tekstane skriv seg frå same periode. Dei eldste delane av dei stammar frå rundt år 1000 fvt. og har ei heilt sentral stilling i den kinesiske kulturhistoria. Det gjeld først og fremst dei eldste delane av Dokumenta, Shū jīng 书经, Songane, Shī jīng 诗经, og Forandringanes bok, Yì jīng 易经. Slike tekstar har ofte ei ganske komplisert overleveringshistorie.

Stilretningar

Ein del av dei skriftteikna som blir brukte i Kina i dag, blei forenkla på 1950- og 1960-talet. Men fram til då hadde dei vore meir eller mindre uforandra i ca. 1700 år! Frå dei eldste tidene gjennomgjekk kinesiske skriftteikn fleire stilendringar, frå eit meir biletmessig opphav til meir abstrakte grafiske former. Vi har skrive ein eigen artikkel om dette, der vi kort nemner dei viktigaste stilartane innanfor kinesiske skriftteikn. Dei eldste stilartene er ikkje i dagleg bruk, men blir brukte aktivt til dekorative og stilistiske føremål.

«Bøker» av bambus

Det mest brukte skrivegrunnlaget frå dei eldste tidene av og litt inn i vår eiga tidsrekning var flate bambusstikker, som blei tredde saman med tråd i den eine enden. Desse «bøkene» kunne bli ganske omfangsrike, men var solide, og dei dukkar stadig opp i utgravingar. Skrifta blei påført med pensel og tusj. Sidan bambusstikkene var opprette, blei teksten påført vertikalt, noko som dessutan var mogleg på grunn av måten skriftteikna var utforma på. Den vertikale måten å skrive på blei ført vidare etter at papiret blei funne opp, rundt år 100. Andre tidlege skrivegrunnlag var silke og treplater.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Leksjon 4: Å studere kinesisk