Oppgåve
Det kinesiske skriftspråket – studiespørsmål
Dette er studiespørsmål du kan arbeide med etter å ha lest artiklane Det kinesiske skriftspråket, Stilartar av kinesiske skriftteikn og Nøkkelen til vidareutviklinga av kinesiske skriftteikn. Finn svar på spørsmåla, og diskuter i klassen.
- Søk på nettet etter «oracle bone inscriptions». Klarer du å kjenne att nokon av dagens skriftteikn?
- Kalligrafi, eller kunstskrift, blei utvikla som ei eiga kunstform på linje med måleri. Søk på nettet etter stader der dei stilformene vi har beskrive i artikkelen om stilartar, blir brukte.
- Skrivemåten til dei mest brukte skriftteikna blei forenkla på 50- og 60-talet, men på Taiwan og i Hongkong bruker dei framleis dei tradisjonelle formene. Finn nettsider frå Taiwan og Hongkong, og sjå forskjellane.
Relatert innhald
Fagstoff
Stilartar av kinesiske skriftteiknI denne artikkelen skisserer vi dei viktigaste stilartane av kinesiske skriftteikn opp gjennom tidene.
Fagstoff
Nøkkelen til vidareutviklinga av kinesiske skriftteiknPå kinesisk dannar ein nye skriftteikn ved å kombinere eit tydingselement og eit lydelement.