Hopp til innhald

Fagstoff

Nøkkelen til vidareutviklinga av kinesiske skriftteikn

Prosessen med å danne nye skriftteikn ved å kombinere eit tydingselement og eit lydelement er nøkkelen til å forstå korleis det blei mogleg for kinesarane å kunne behalde sitt kjære skriftspråk.
Side frå ordboka Shuowen jiezi. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Framgangsmåten er som følgjer:

Dei gamle kinesarane hadde eit ord dei uttalte dào, som tyder «å komme (fram) til», og dei trong eit skriftteikn for det. (Uttalen var sjølvsagt annleis for meir enn tre tusen år sidan, og skriftteikna såg heilt annleis ut, men det rokkar ikkje ved framgangsmåten.) Då valde dei først eit tydingselement som låg innanfor det same tydingsfeltet, og som dei allereie hadde eit teikn for. Dei valde piktogrammet zhì , dvs. «fram til, å nå». Til dette trengde dei eit lydelement for å definere uttalen, og dei valde piktogrammet , dvs. «kniv, hoggvåpen», som blei uttalt dāo. Dette kombinerte dei med zhì for å lage det nye teiknet dào , «å komme (fram) til» (elementet på høgre side er ein forenkla versjon av ).

Når ein konstruerer teikn på denne måten, bryr ein seg ikkje om kva lydelementet tyder. Det må berre stå for uttalen, det vil seie måten det blei uttalt på den gongen teiknet blei skapt. Dess eldre teikn, dess meir har uttalen endra seg sidan teiknet blei skapt.

På den andre sida gir tydingselementet i eit teikn som er konstruert på den måten, eit hint om kva slags tydingsmessig (semantisk) felt vi er på, men ikkje meir. Nokre hundre slike tydingsmessige markørar har opp gjennom hundreåra vore nøkkelen til å organisere kinesiske ordbøker.

I dagens kinesiske ordbøker er truleg minst ni av ti skriftteikn konstruert på den måten vi har gjort greie for over.

Relatert innhald

Det finst mange rare førestillingar om det kinesiske språket. Her er eit lynkurs i kinesisk.

Kinesisk er det einaste av fire skriftspråk utvikla av gamle høgkulturar som ikkje først og fremst har blitt eit lydbasert skriftspråk.

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Leksjon 4: Å studere kinesisk