Hopp til innhald

Fagstoff

Stilartar av kinesiske skriftteikn

Her skisserer vi dei viktigaste stilartane av kinesiske skriftteikn opp gjennom tidene.
Kinesisk kalligrafi. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Orakelbein på skilpaddeskal. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innskrifter på (buk)skjold og (skulder)bein, eller jiǎ gǔ wén 甲骨文. Dette er dei eldste formene som er funne til no. Dei førekjem i orakelinnskrifter frå ca. 1300 til 1045 fvt. Det harde beinmaterialet gjorde at skriftteikna måtte rissast inn med ein skarp gjenstand, noko som gav ei kantete linjeføring.

Bronseinnskrifter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bronseinnskrifter, eller jīn wén 金文. Dette er innskrifter vi finn på rituelle bronsegjenstandar, først og fremst bronsekar, frå ca. 1200 til det 5. hundreåret fvt. Formene er meir avrunda enn i orakelinnskriftene, sidan skriftteikna som oftast var ein integrert del av prosessen med å utforme bronsegjenstandane. I løpet av den lange tidsperioden utvikla det seg ei klarare linjeføring.

Kinesisk kalligrafi i stor seglskrift. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den store seglskrifta, eller dà zhuàn 大篆. Denne stilen var dominerande under mesteparten av Zhou-dynastiet og fram til det første keisarriket Qin (ca. 1045–221 fvt.) for alt som blei skrive på tradisjonelt skrivemateriell (bambusstikker, treplater og silke). Stilen er ganske kompleks og ornamentert, men det biletmessige opphavet er ikkje lenger lett å spore.

Kinesisk kalligrafi i lita seglskrift. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den vesle seglskrifta, eller xiǎo zhuàn 小篆. Denne stilen blei utvikla på grunnlag av forskjellige variantar av den store seglskrifta i samband med at Kina for første gong blei samla til eitt keisarrike under det kortlevde, men viktige Qin-dynastiet (221–206 fvt.). For første gong fekk Kina ein skriftstandard som skulle vere felles for heile riket. Strekføringa blei enklare og strukturen fastare, men skriftbiletet var framleis ganske komplisert.

Eit fragment av biografien til Bu Zhi. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skrivarstilen, eller lì shū 隶书. Allereie før Qin-dynastiet begynte folk som hadde behov for å skrive i det daglege virket, å ta i bruk meir forenkla former for skrift. Det resulterte i ein stil som blir kalla skrivarstil, sidan han først og fremst blei brukt av embetsmenn og administratorar. Med skrivarstilen blei det teke eit avgjerande sprang over mot eit abstrahert skriftbilete. Det kjem òg truleg av at pensel og tusj var blitt nærmast einerådande som skrivereiskap.

Kinesisk kaligrafi. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Standardstil, eller kǎi shū 楷书. Med denne stilen forsvann dei siste restane av ei direkte tilknyting til dei eldste skriftformene. Stilen er forenkla og abstrahert, og han er enklare både å lese og skrive. Denne stilen kan sporast tilbake til siste del av Han-dynastiet (frå 206 fvt. til 220 evt.). Allereie under det austlege Jin-dynastiet (317–420) var han blitt ein ny standard og har blitt verande det heilt fram til i dag. Det er denne stilen, med ulike fontar, som har vore brukt i mesteparten av den lange boktrykkartradisjonen i Kina, og som framleis blir brukt på dagens tastatur.

Zhaomengfu Xingshu. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Løpande stil, eller xíng shū 行书. Denne stilen festa seg mot slutten av Han-dynastiet. Han går ut på at standardstilen blir forenkla, gjennom å føre penselen raskare, utan at det går ut over lesbarheita for lese- og skrivekyndige. Dette har vore «handskrifta» i dagleglivet opp gjennom hundreåra, og denne stilen blei òg hovudinspirasjonen til kalligrafi, eller kunstskrift, som ei eiga kunstform.

Kalligrafi av Zhu Yunming. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gras-stilen, eller cǎo shū 草书. Denne stilen har opphav i det vi kan kalle ei «slurvete» utføring av skrivarstilen, men utvikla seg raskt til å bli eit eige kunstnarisk uttrykk. Strekføringa er kontinuerleg, og teikn kan òg bindast saman med strekar. Impuls og rørsle er viktig for å få fram det kunstnariske uttrykket. Resultatet er eit heilt abstrahert skriftbilete som er vanskeleg å tyde utan å ha eit trena auge. Gras-stilen er eldre enn både standardstilen og den løpande stilen, men er òg prega av desse. Gras-stilen tok fleire retningar. Den mest radikale var vill gras-stil, eller kuáng cǎo 狂草, som blei utvikla av buddhistmunkar i det åttande hundreåret. Då er vi over i den totale spontaniteten, med ein nærmast ustyrleg penselbruk.

Relatert innhald

Det finst mange rare førestillingar om det kinesiske språket. Her er eit lynkurs i kinesisk.

Kinesisk er det einaste av fire skriftspråk utvikla av gamle høgkulturar som ikkje først og fremst har blitt eit lydbasert skriftspråk.

CC BY-SASkrive av Harald Bøckman.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Leksjon 4: Å studere kinesisk