Hopp til innhald

Fagstoff

Forklaringar til vokabular i leksjon 4

Under følgjer forklaringar til vokabular til leksjonen "Å studere kinesisk".
Kinesiske teikn. Betydning: vokabular. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. 是吗 shì ma / 是的 shìde真的吗 zhēnde ma / 真的 zhēnde

是吗 shì ma blir brukt anten bokstaveleg eller retorisk for å be om stadfesting på om det som nettopp vart sagt, stemmer eller ikkje. 是的 shìde er eit fast uttrykk som funksjonelt liknar på «Ja, det stemmer» på norsk. 真的吗 zhēnde ma liknar på 是的 shì ma, men blir som regel brukt berre når ein tviler på det som blir sagt og oppriktig ber om ei ordentleg stadfesting, omtrent som «Er det verkeleg sant?». Svaret kan då både vere 是的 shìde og 真的 zhēnde. Merk at forma 真吗 zhēn ma ikkje finst.

2. 很有意思 hěn yǒu yìsi

意思 yìsi er eit ord med fleire betydningar. Det betyr eigentleg «meining; betydning», men når ein på kinesisk seier at noko «har meining/betydning», betyr dette eigentleg at ein synest at noko er morosamt eller interessant, til dømes 学中文很有意思。 Xué zhōngwén hěn yǒu yìsi. – «Det er gøy å studere kinesisk.»

CC BY-SASkrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 11.12.2019

Læringsressursar

Leksjon 4: Å studere kinesisk