Hopp til innhald

Fagstoff

Plassering av dynamiske nettsider

Skal du arbeide med dynamiske nettsider, treng du ein webserver med nødvendige tenester (som database og PHP). Webserverar finst i mange variantar både for publisering på internett og for oppsett i lokale nettverk eller datamaskiner.
Nettlesar som viser ein sidemeny med mange val og eit hovudvindauge med forskjellige nettsidemalar som kan veljast i Wordpress. Skjermbilete.

Dersom du skal lage ei heilt enkel statisk nettside (som ikkje er avhengig av database eller serverskript), treng du ikkje ein webserver for å vise nettsida lokalt.

Du kan lagre alle filene til nettsida i ei filmappe. Opnar du start-HTML-sida (som oftast index.html), vil nettlesaren handtere resten.

Dersom du ønskjer å gjere ei statisk nettside tilgjengeleg på internett, kan du bruke eitt av alternativa under.

Dedikert servermaskin eller virtuell datamaskin

Webserverar som ikkje har mange samtidige brukarar, er ikkje veldig ressurskrevjande å køyre. Det er derfor mogleg å setje opp webserver-teneste på ny eller gammal maskinvare, ARM-eittkortmaskin (single-board computer) som Raspberry Pi eller i ei virtuell datamaskin.

Servermaskina eller den virtuelle maskina vil trenge eit operativsystem. Det vanlegaste er å bruke Linux. Du treng òg webserver-programvare. Her er Apache eller Nginx dei mest vanlege, og det er lett å finne guidar til dei på nett.

NDLA har guidar for Oppsett av Wordpress både for oppsett på dedikert server og for oppsett ved hjelp av virtuell maskin.

Viss du ønskjer at den lokale webserveren din skal vere tilgjengeleg via internett, må du setje opp portvidaresending (port forwarding) i ruteren din. Dette gjer at web-førespurnader blir sleppte gjennom ruteren og blir sende vidare til webserveren.

Programvarepakke for webserver på eiga maskin

Dei fleste bruker Windows eller Mac OS X på den private datamaskina si. Desse kan fint køyre ein lokal webserver. Dette er spesielt praktisk for testing og opplæring, men det krev noko programvare for å fungere.

Det finst fleire gratis programvarepakkar som inneheld nødvendige program for å køyre ein moderne webserver. Desse inneheld webserver-programvare som Apache, database som MySQL og skriptspråk som PHP eller Python. Namna på programvarepakkane er ofte ei forkorting av namnet på programvara som er inkludert.

Obs!

Sjølv om programvarepakkane i utgangspunktet er gratis, er det ofte avgrensingar eller krav om registrering. Vi tilrår derfor at du les seg litt opp før du vel alternativ.

Døme på populære programvarepakkar

Web-hotell

Web-hotell tilbyr drift og støttetenester for nettsider. Web-hotella tek betalt for tenestene, ofte på månadsbasis. Bruk av web-hotell for nettsider er ofte eit godt alternativ for mindre bedrifter då mengda IT-kompetanse for drifting er mykje lågare enn ved eiga serverdrift.

Dei billegaste web-hotellalternativa er ofte dårleg tilpassa til dynamiske nettsider då dei manglar database- og/eller serverskriptstøtte.

Viss du skal setje opp Wordpress eller ei anna publiseringsplattform (CMS – Content Management System), må du sjekke at database og skriptstøtte (som PHP) er inkludert.

Kvar publiseringsplattform vil ha ein kravspesifikasjon som du bør sjekke opp mot web-hotellet.

Gratis Wordpress instans via Wordpress.com

Viss du berre treng heilt grunnleggjande funksjonalitet, tilbyr Wordpress.com (skaparane av Wordpress-publiseringsplattforma) gratis installering av Wordpress. Denne er tilgjengeleg via internett og nyttig for opplæring og oppsett av enkle sider. Merk at reklame kan bli plassert inn i sida, og at funksjonaliteten er ufullstendig.

I artikkelen Lag ein nettstad i Wordpress kan du lese meir om framgangsmåten for eit slikt oppsett.

Bruk av skytenester

Kvinne går og leier på ei sky med eit tau, som om skya var ein ballong. Oppi skya ligg det ei berbar datamaskin, ein smarttelefon og eit nettbrett. Illustrasjon.

Skytenester finst i mange variantar og kan brukast for å setje opp web-tenestene som er nødvendige for å drifte ei nettside. Fordelen med skytenester er fleksibiliteten. Det er mellom anna vanleg å betale for mengda med ressursar som blir brukt og ikkje per månad, som med tradisjonelle web-hotell. Kapasiteten webserveren har, vil dermed kunne utvide seg avhengig av behovet, noko som er bra for nettsider i vekst. Ulempa er at kostnaden kan variere mykje og bli høg viss du ikkje følgjer opp forbruket.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2022

Læringsressursar

Publiseringssystem for nettstader