Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Lag ein informativ nettstad

Lag ein nettstad på oppdrag frå Statens vegvesen med informasjon om mopedførarlappen for 14–16-åringar. Set av god tid til planlegginga av produksjonen, og samarbeid gjerne med andre.

Utgangspunktet for oppgåva er dette oppdraget frå kommunikasjonssjef Arne Eithun ved Statens vegvesen Region vest:

«Eg ønskjer eigne nettsider for ungdom om mopedførarlappen. Krav til leveransen:


  • Nettsidene skal vere enkle å navigere i.
  • Det skal vere enkelt å finne fram til informasjon.
  • Tekstane skal vere lette å lese.
  • Bileta skal vere informative og passe til innhaldet i teksten.
  • Målgruppe og brukarar av nettsidene er ungdom 14–15–16 år som ønskjer å ta mopedførarlappen, og foreldra til ungdom som ønskjer å ta lappen.
  • Nettstaden skal gi informasjon om korleis ein skaffar seg mopedførarlappen.»

(Eithun. A)

Du må tenkje nøye gjennom kva bilete eller videoar du vil bruke, korleis skriftlege tekstar skal utformast, og korleis du kan bruke punktlister for at målgruppa raskt skal få den informasjonen dei er ute etter.

Krav til arbeidsoppdraget

  1. Set deg inn i kva arbeidet til ein kommunikasjonsrådgivar går ut på.
  2. Finn ut kva personar i målgruppa di lurer på når det gjeld mopedførarlappen, og kva informasjon dei er på jakt etter.
  3. Finn relevant informasjon for ditt lokalområde. Planlegg nettstaden for mopedlappen i tråd med oppdraget frå kommunikasjonssjefen i Statens vegvesen.
  4. Tenk nøye gjennom kva verkemiddel du vil bruke i det skriftlege arbeidet, og bruk ulike søkjestrategiar for å finne gode bilete.
  5. Ta omsyn til personvern og opphavsrett. Bruk bilete og videoar som er merkte og gjorde klare for deling med Creative Commons-lisens, eller produser stillbilete og videoar sjølv.
  6. Vel eit program for publisering av nettsida, og set deg inn i dei moglegheitene du har der.
  7. Produser nettstaden etter gjeldande reglar.
  8. Vurder prosess og produkt i eit refleksjonsnotat som du gir til læraren din.
CC BY-SA 4.0Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2018