Hopp til innhald

Fagstoff

Dynamiske nettsider

Moderne nettsider og web-applikasjonar er dynamiske og kan presentere unikt innhald til kvar enkelt brukar. Dynamiske nettsider er meir komplekse enn statiske og treng som oftast database og skriptstøtte i tillegg til sjølve webserver-programvara.
Skjermbilete av nettsida IMDb.com sett gjennom eit forstørringsglas. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi skil mellom to hovudkategoriar av nettsider: statiske og dynamiske. Dynamiske nettsider skil seg frå statiske nettsider ved at innhaldet og/eller utsjånaden blir forandra ut frå gitte føresetnader, til dømes om du bruker datamaskin eller mobil, kva tid det er på dagen, kvar i verda du er, om du er logga inn, eller kva sider eller produkt du har sett på tidlegare. Statiske nettsider vil ha det same innhaldet og den same utsjånaden uansett kven brukaren er, og uansett kva eining han eller ho bruker.

Statiske nettsider

Eit døme på ei statisk nettside kan vere nettsida til ei bedrift. Her vil bedrifta typisk presentere seg sjølv og arbeidsområda sine. Dei vil ikkje ha behov for å vise ulikt innhald til ulike brukarar av nettsida.

Nettaviser vil òg ofte verke statiske fordi dei viser dei same nyheitene til alle brukarar, men mange nettaviser har i dag pluss-saker som ein må vere abonnent for å lese. Dette gjer at dei likevel er dynamiske, sjølv om framsida ser lik ut for alle brukarar. Desse pluss-sakene kan vi derfor kalle dynamiske element. Mange nettsider verkar på denne måten statiske: dei har ei framside som er lik for alle brukarar, men noko innhald krev innlogging.

Skjermbilete av nettsida til Trondheim kommune. Øvst til høgre er det ein menyknapp og ein knapp for "Mi side". Under desse er det tre boksar med vala "Koronainformasjon", "Corona information in other languages" og "Nyheiter". Bakgrunnen er eit bilete frå Trondheim sentrum. Midt på sida står det "Velkommen til Trondheim kommune", og under dette er det eit søkjefelt. Skjermbilete.

Kva nettsider er dynamiske?

Eit døme på dynamiske nettsider kan vere sosiale medium. Der får du opp ein personleg aktivitetsstraum basert på kven du følgjer, og kva typar innlegg du har klikka på før. Andre døme kan vere ein nettbutikk, der du får tilrådingar basert på kva du har kjøpt tidlegare, eller ei vêr-nettside, der du automatisk får opp vêret på staden der du er.

Skjermbilete frå Google.com med resultat frå søket "dynamiske nettsider". Skjermbilete.

Kjenneteikn på dynamiske nettsider

  • pålogging

  • handlekorg

  • personlege tilrådingar

  • individualisering av innhald ("Mi side" og nyheitsstraum)

Dynamiske nettsider bruker skript

Det som skil kodinga av dynamiske nettsider frå statiske, er at dynamiske nettsider bruker skript i tillegg til HTML og CSS. Det gjer at innhaldet og utsjånaden på sida kan endrast basert på informasjon som blir behandla av skriptet. Ved bruk av skript kan nettsida òg koplast til ein database for å lagre, behandle og hente data som kan presenterast på nettsida. Nokre skript køyrer på serveren (tenarsideskript), mens andre køyrer lokalt på klientmaskina (klientsideskript).

Dynamiske og responsive nettsider

Nokre nettsider endrar utsjånad ut frå storleiken på nettlesarvindauget. Dette er for at nettsida skal sjå like bra ut på ulike einingar, som datamaskiner, nettbrett og mobiltelefonar. Slike nettsider blir kalla responsive nettsider. Desse nettsidene er ikkje nødvendigvis dynamiske, då det er berre utsjånaden som blir endra og ikkje innhaldet. Responsivitet blir programmert inn via CSS-kode. Viss du bruker ei datamaskin, kan du prøve å gjere dette nettlesarvindauget smalare for å sjå eit døme på responsivitet.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Karl Arne Dalsaune.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2022

Læringsressursar

Publiseringssystem for nettstader