Lag nettside om kortreiste turar
Du skal gjere undersøkingar, planleggje og setje opp ei nettside for det lokale turistlaget med mål om å få fleire ut på kortreiste turar. Nettsida skal setjast opp i ei publiseringsplattform som Wordpress eller Drupal.
Bilete og videoklipp som du bruker, må overhalde åndsverkslova. Kanskje må du sjølv ut for å ta bilete viss du ikkje kan finne alternativ under Creative Commons eller andre opne lisensar.
Skriv kort ei skildring av oppdraget du har fått.
Viss du opplever at oppdraget er uklart, bør du snakke med læraren din før du går vidare.
Nettsider kjem i nokre typiske variantar (layout og innhald). Kom med døme og vel ein du tenkjer er aktuell for dette oppdraget.
Vil nettsidevarianten du vel, krevje jamlege nye postingar av innhald, eller kan innhaldet stå statisk på sida over lengre tid utan at sida blir opplevd som utdatert?
Bestem deg for kva publiseringsplattform (CMS) du ønskjer å bruke.
Lag design for nettsida og implementer denne. Bruk gjerne dummy-tekst og bilete i utviklingsfasen. Dokument godt undervegs så det er lett å sjå progresjonen din.
Når du er fornøgd med designet, fjernar du dummy-innhald og legg inn endeleg innhald.
Vurder prosess og produkt i eit refleksjonsnotat som du gir til læraren din.