Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Leik deg med biletutsnitt og kameravinklar

I denne praktiske oppgåva skal du bruke ulike biletutsnitt og kameravinklar for å framheve stemninga i eit dikt.

Dette er ei øving for å få deg til å tenkje i bilete og forstå kva effekt ulike utsnitt og vinklar kan ha på det ferdige resultatet ditt. Bruk det du har lært om biletutsnitt og biletvinklar og lag ein kort video der du set saman passande bilete til eit dikt. Forsøk å variere utsnitt og vinklar så mykje som mogleg.

Døme på utsnitt av ultratotal, total, halvtotal, halvnær, nær og ultranær. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målet ditt er å vekke dei rette kjenslene hos publikum med gjennomtenkt bruk av biletutsnitt og vinklar.

Øvinga steg for steg


  1. Finn eit dikt. Du kan velje eit dikt frå norskboka di eller finne eit dikt på norsksidene til NDLA. Du kan òg søke på nett.
  2. Nærles diktet for å forstå kva diktet prøver å formidle. Du kan òg lese andre sine tolkingar av diktet. Bestem deg for kva som er di eiga tolking.
  3. Noter ned kva bilete du treng. Passar det med ultranære utsnitt, totalbilete, froske- eller fugleperspektiv? Lag enkle skisser av bileta dine i eit storyboard.
  4. Gjer filmopptak og/eller ta bilete. Ver effektiv! Det krev god planlegging av opptaka dine i forkant.
  5. Ta lydopptak av at du les diktet. Finn ein eigna stad der du ikkje får bakgrunnsstøy frå andre. Du kan òg få andre til å lese opp diktet, om du vil.
  6. Set saman opptaka dine med lyden av opplesinga di i eit redigeringsprogram. Legg på lyd og vis fram i klassen!
Nærbilete av munn med raud leppestift. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge



CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 29.11.2019

Læringsressursar

Innføring i bilete