Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ei magasinframside

Kombiner fotokunnskapar med grafisk design og lag ei magasinframside som treffer den sjangeren du vel.
Sju opne magasin er stabla oppå kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du skal lage ei magasinframside som skal bestå av eit bilete i høgdeformat som du sjølv har teke og tekst som passar til framsida og sjangeren.

Vel magasintype

Bruk eit eksisterande namn eller lag eit eige namn på magasinet. Vel fontar (skrifttypar), innhald og fargar på framsida som passar til biletet og magasintypen (sjangeren).

Gjer research på magasintypen du har valt. Kven er målgruppa, og kva verkemiddel bør du bruke for å nå målgruppa?

Dersom du bruker biletfil av andre sitt magasinnamn, må du sikre at det er av god teknisk kvalitet, leggje ved lenkje til biletet og ikkje strekkje biletet.

Vel éin av desse magasinsjangrane:

  • Sport- og fritid
  • Moteblad
  • Aktualitetsmagasin

Dette skal du gjere:

  • Ta fleire bilete i høgdeformat som passar til magasinsjangeren. Bileta må ha litt luft eller negativt rom rundt hovudobjektet slik at du har plass til å plassere tittel og tekst.
  • Rediger biletet du ønskjer å bruke i Photoshop. Vel eit godt utsnitt og gjer justeringar.
  • Set saman bilete og tekst i InDesign slik at det blir ei magasinframside, storleik: tabloid (432 x 279 mm). Dette skal eksporterast og leverast som PDF.
  • Skriv ein følgjesetel om magasinframsida.


Skriv ein følgjesetel

Skriv ein følgjesetel i eit tekstdokument der du viser fram arbeidet ditt og tankane dine om prosessen. Legg ved bilete undervegs i dokumentet. Det held med skjermbilete, slik at fila ikkje blir for stor.

  1. Bilettaking

    Forklar kva val du gjorde undervegs under bilettakinga. Kva utstyr brukte du? Skriv noko om location og lysforhold og komposisjonen av biletet. Korleis vil du seie den tekniske kvaliteten er? Legg ved eit par av bileta du tok og skriv kvifor du valde det biletet du enda opp med.

  2. Biletredigering

    Legg ved et originalt bilete og det ferdigredigerte biletet. Kva har du gjort i Photoshop? Skriv kva verktøy du har brukt, og skriv noko om kvifor du valde å bruke desse og kva du ønskte å oppnå.

  3. Utforming av magasinframsida

    Legg ved eit bilete av magasinframsida. Skriv noko om komposisjonen, typografi og innhald i teksten. Skriv noko om kva uttrykk du ønskjer å skape. Dersom du har henta inspirasjon frå nokre konkrete magasinframsider, kan du leggje ved bilete av dei (og lenkje).

  4. Tankar og refleksjonar etter produksjonen

    Kva har du lært i denne produksjonen? Kva ville du ha gjort annleis om du skulle ha gjort dette igjen? Kva er styrkane og svakheitene ved produktet ditt?

Vurderingskriterium

  • Komposisjon av og uttrykket i biletet
  • Komposisjon av bilete og tekst saman
  • Teknisk kvalitet bilete og magasinframside
  • Om eleven treffer på magasinsjangeren
  • I kva grad eleven skildrar, forklarer, grunngir og trekkjer inn fagkunnskap i følgesetelen


CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2020

Læringsressursar

Innføring i bilete