Hopp til innhald

Fagstoff

Ti tips til betre bilde

Fotograf Tom Knudsen gir deg enkle tips til korleis bilda dine kan bli betre.

I videoklippet ovanfor gir fotograf Tom Knudsen deg tre enkle tips til korleis bileta dine kan bli betre. Dei fleste av oss er nokså ubevisste når vi knipsar i veg. Ein god fotograf tenkjer gjennom kva for historie det er han eller ho ønskjer å formidle i biletet sitt.

Det første du gjer, er å velje motiv, korleis du vil plassere motivet i biletet, vinklane du vil sjå motivet frå, og kva som skal vere med innanfor biletramma. Dette kallar vi å komponere eit bilete. Deretter vel du kamerainnstillingar som får fram nett det uttrykket du ønskjer.

Her følgjer ti gode råd for fotografering:

Gå nærmare

Å komme tett innpå motivet gjer mykje med eit bilde. Unngå at hovudmotivet druknar i unødvendige detaljar.

Når du kjem tett innpå, kjem det tydeleg fram kva du tek bilete av. Motivet ditt blir ryddigare, då bakgrunnen blir meir uskarp.

Sjakkbrikker på et sjakkbrett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ver obs på bakgrunnen

Prøv å få biletet ditt så "ryddig" som mogleg. For at motivet skal komme godt fram, er det viktig å ikkje ha for mange element i biletet. Det kan vere nødvendig å flytte litt på seg for å få til dette.

Utforsk ulike posisjonar, biletutsnitt og kameravinklar, og prøv noko uvanleg! Det er også viktig å passe på at bakgrunnen blir så roleg som mogleg, og at ting i bakgrunnen ikkje forstyrrar eller kjem i konflikt med motivet ditt.

To portrett av en jente hvor en gutt holder opp to fingre bak hodet hennes på det ene portrettet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruk blitsen

Du treng ikkje spare blitsen til det blir mørkt. Blitslyset gir mange gode effektar også i dagslys. Blitslyset lyser opp motivet ditt og gir fargane meir liv. I tillegg hjelper blitsen til med å fryse motiv i fart.

Rødt drops kastes oppi et vinglass med klar væske. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vel fokuspunkt/interessepunkt

Tenk over kva du tek bilete av! Kvifor synest du akkurat dette er verdt å forevige? Når du har funne ut kva som fascinerer deg i motivet, så konsentrer deg om akkurat det, og la det komme godt fram. Gå nærmare (sjå pkt. 1), slik at fokuspunktet ditt kjem tydeleg fram, og bruk "det gylne snitt" (sjå pkt. 5) for å oppnå ei harmonisk plassering i biletruta.

Silhuett av en person som spruter vann opp i lufta. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ha "det gylne snittet" i tankane

"Det gylne snitt" er ein god tommelfingerregel når du skal plassere fokuspunktet ditt pent i biletet. Dette prinsippet for god komposisjon har vore nytta heilt sidan antikken og går i korte trekk ut på å dele biletflata inn i ni like ruter og plassere fokuspunktet i eit av krysningspunkta til linjene framfor å plassere det midt i biletet. Horisontar kan du leggje langs linjene.

Heisekran i solnedgang. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk på linjer og mønster

Mennesket søkjer naturleg etter orden og samanheng. Auget "elskar" mønster og gjentakingar, og vi leitar umedvite etter det. Utnytt det i bileta dine. Leit etter mønster, linjer, kurver og figurar som gjentek seg, og bruk dei i motiva dine.

Man i dress poserer med Brooklyn bridge i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk på at du skal ha skarpe bilde

Gode bilete krev ei viss teknisk innsikt, slik at du kan bruke kameraet ditt best mogleg i ulike situasjonar. Nokre tips:

Fokusering

Fokusering vil seie at du lèt autofokus i kameraet få tid til å stille seg skarpt. Sikt med kameraet på fokuspunktet i biletet, og hald utløysarknappen halvvegs nede. No jobbar kameraet med å stille motivet skarpt. Det gir ofte frå seg eit lite pip når det er ferdig. Trykk så utløysarknappen heilt ned, og biletet blir eksponert.

Jente gir et kyss på nesten til et gatemaleri av en eldre person. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skarpe bilete

Årsaka til at vi får uskarpe bilete, er som oftast at vi beveger kameraet idet vi trykkjer på utløysaren. Tips for å unngå uskarpe bilete: Hald kameraet stødig.

Ei hand under er betre enn ei hand på kvar side av kameraet. Stativ kan vere lurt. Fotografer i godt lys (dagtid). Bruk blitsen.

Jente i rosa kjole holder et speilreflekskamera. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ver obs på lyset

Ordet fotografere stammar eigentleg frå latin og betyr "å teikne med lys". Det er ikkje tilfeldig. Lys og skugge er dei to tinga som gir liv til eit bilete. Lyset er svært avgjerande i dei fleste motiv, så ver obs på korleis lyset fell på motivet ditt.

Jente vandrer oppover en tom gate i silhuett mot sola. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ta mange bilete

Ein av dei store fordelane med digitale kamera er at du kan ta mange bilete utan at det kostar noko. Utnytt det. Ta mange bilete frå ulike vinklar og med ulike utsnitt. Prøv noko nytt – du veit aldri når blinkskotet dukkar opp. Tek du mange bilete, blir du også flinkare til å ta bilete!

Kollasj med mange naturmotiver i polaroidrammer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ha alltid med deg kamera

Du veit aldri når motiva dukkar opp, men vi veit at dei sjeldan dukkar opp framfor PC-skjermen.

Slutt å lese, og kom deg ut!

Dame med veske hvor kamerareimen henger utenfor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Tom Knudsen.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Innføring i bilete