Eigenvurdering
Eigenvurdering for emnet innføring i bilete
Her kan du sjekke forståinga di av emnet innføring i bilete. Kva har du fått med deg?
Kan du svare ja på alle spørsmåla nedanfor, har du fått med deg det mest sentrale i emnet innføring i bilete.
- Du har vorte betre kjent med kameraet.
- Du veit korleis du tek vare på eit kamera.
- Du kan forklare omgrepa ISO, blendar og lukkar.
- Du kan forklare omgrepa fokus, objektiv og brennvidde.
- Du forstår meir om korleis du kan teikne med lys.
- Du kan grunnleggjande komposisjonsprinsipp.
- Du har lært fagomgrep om kamerautsnitt og perspektiv.
- Du kan planleggje og produsere uttrykk i ulike sjangrar og format.
Fagomgrep | |||
---|---|---|---|
Objektiv | Froskeperspektiv | Normalperspektiv | Ultratotal |
Brennvidde | Total | Fugleperspektiv | Halvtotal |
Nær | Halvnær | Ultranær | Fokus |
Det gylne snittet | Kvitbalanse | Blikkpunkt | Blendar |