Her er livet mitt!
I dette oppdraget skal du lage ei digital bildeforteljing med tittelen "Her er livet mitt!". Du skal òg øve på å planleggje og dokumentere ein produksjonsprosess.
Fortel kronologisk, frå dei første leveåra dine og litt inn i framtida. Jobbar du målretta og systematisk i alle fasar av produksjonsprosessen, vil du få betre arbeidsflyt og eit sluttprodukt av god kvalitet.
Sørg for at du har alt utstyret du treng for å løyse oppgåva. Det er kjedeleg å oppleve midt i arbeidet at du manglar batteri på kameraet, eller at lydopptaket skurrar. Du har tenkt å bli ein profesjonell medieprodusent, og då kan du like godt lære å førebu deg skikkeleg med éin gong.
Ein produksjonsplan bidrar til at du møter færre utfordringar undervegs i produksjonsprosessen. Lag ein oversiktleg plan over alt du må hugse på for å komme i mål med bildeforteljinga. Få med
- kva arbeidsoppgåver som skal gjerast
- når oppgåvene skal vere gjorde
Til slutt viser du bildeforteljinga for klassen din og skriv eit kort refleksjonsnotat. Svar på desse spørsmåla:
- Korleis gjekk planleggingsfasen? Kva fungerte, kva kunne gått betre?
- Korleis fungerte produksjonsprosessen? Kva gjekk bra, kva kunne gått betre?
- Kva synest du om resultatet ditt? Kva ville du gjort annleis om du skulle gjort oppgåva på ny?
- Kva har du lært av å jobbe med dette oppdraget?