Arbeidsoppdrag
Lag bilete til ei fotoutstilling om nettroll
Du skal lage eit bilete som handlar om nettroll og nettmobbing, til ei fotoutstilling. Bruk fototeknikk, visuelle verkemiddel og forteljeteknikkar til å lage eit medieuttrykk som klart og tydeleg formidlar bodskapen din.
Eit «nettroll» er ei nemning på ein person som stadig postar provoserande innlegg eller plagar andre med sjikanøs omtale i forskjellige internettforum. I dette oppdraget skal du bruke det du har lært om mediebruk og identitetsdanning, informasjonsverksemd og bruk av fototeknikk, forteljeteknikk og verkemiddel i fotoproduksjon.
- Les først fagartiklane Medium og identitetsdanning og Å gjere seg synleg på nettet. Les også den eksterne artikkelen Trues av nettroll, sjå filmen Trollus Netticus og set deg inn i kampanjen Bruk Hue.
- Presenter eit samandrag av innhaldet i filmar og artiklar i klassen.
- Klassen skal no planleggje ei fotoutstilling som skal visast i kantina eller i eit anna fellesområde på skulen. Vurder om de vil bruke Bruk Hue eller ein annan organisasjon som oppdragsgivar for fotoutstillinga.
- Diskuter og bli einig om ei problemstilling som skal vere felles for alle bileta i fotoutstillinga, og om de vil bruke tittelen Nettroll eller ein annan tittel på utstillinga.
- Formuler bodskapen i det biletet du vil lage til fotoutstillinga, skriftleg.
- Lag gjerne ein moodboard.
- Bestem kva fotomodellar og kva opptaksstad (location) du vil bruke, i samråd med lærar.
- Planlegg og ta bilete. Hugs å ta mange bilete slik at du har nok råmateriale å velje mellom.
- Gjer deg kjend med det fotoredigeringsprogrammet du vil bruke, og ulike rettleiingar på nett i bruk av bileteffektar (f.eks. Photoshop-effektar). Bruk deretter god tid til å etterbehandle biletet ditt i eit fotoredigeringsprogram.
- Lever biletet i eit bestemt format etter avtale med lærar.
- Set bileta saman til ei utstilling i samarbeid med dei andre i klassen.
- Skriv eit refleksjonsnotat der du skildrar kva du gjorde og kva du lærte i dette oppdraget.