Sjå meg!
Vi utviklar identiteten vår gjennom å spegle oss i andre sine blikk. Derfor er det grunnleggande for små barn å bli sett av vaksne. Men òg seinare i livet har vi behov for at andre stadfestar at dei ser oss og anerkjenner oss. Å bli usynleggjord i venneflokken, i familien eller som samfunnsborgar er noko av det vondaste vi kan oppleve.
Behovet for å bli sett kan likevel òg bikke over til eit umetteleg behov for å vere i sentrum for andre si merksemd. Gresk mytologi fortel om ungguten Narkissos som vart forelska i sitt eige spegelbilete. Det å vere sjukleg sjølvoppteken blir derfor kalla narsissisme.
Se meg no, eg kjenner at eg levar
I mine sko kan du skjønne ka eg menar
Eg gikk for langt ville bare stå på scenar
Egen oppmerksomhet var det som ga problemer (Sellevoll & Hotvedt, 2020)Sitat frå songen "Se meg" av Adrian Sellevoll
Media som scene
Media er ein scene der vi kan iscenesetje oss sjølve. I dag har dei fleste tilgang til å vise seg fram i sosiale medium. Det aukar moglegheita til å bli sett og få anerkjenning av andre. Ein positiv kommentar på det nye profilbiletet styrker sjølvtilliten. Men samtidig blottstiller vi oss ved at manglande eller negative tilbakemeldingar òg er synlege for andre. Det kan over tid utfordre den psykiske helsa vår.
Forsking[1] tyder på at jenter i større grad enn gutar er kjenslemessig motiverte til å bruke sosiale medium. Det kan òg sjå ut til at ungdom med psykiske utfordringar nyttar sosiale og digitale medium som strategi for å samarbeide med jamaldra utan at plagene dei har, er synlege for andre. Sosiale medium kan dermed òg brukast som kamuflasje (Brattøy et al., 2019).
Nokre personar har eit konstant og nærast sjukleg behov for å bli sett og vere i fokus for andre si merksemd. Forskarar deler personar med narsissistiske tendensar inn i to grupper: dei grandiose og dei sårbare (Jakobsen, 2016). Nokre har karakterisert den tidlegare amerikanske presidenten Donald Trump som ein grandios narsissist som konstant snakkar om eigen briljans. Dei sårbare kan oppleve sosiale medium som ein trygg scene å opptre på, der dei sjølve har regi, og der dei slepp å bli konfronterte med andre ansikt til ansikt.
Omgrepet "den nye openheita" blir brukt om ein trend der kjende og ukjende personar offentleg blottlegg dei psykiske problema sine. Det kan dreie seg om eteforstyrringar, angst, depresjon, rusproblem eller sjølvmordsforsøk.
Professor i kultur- og samfunnspsykologi Ole Jacob Madsen peiker i kronikken "Den betingede åpenheten om psykiske lidelser" på nokre medierelaterte årsaker til denne nye openheita (Madsen, 2018).
Fiktive heltar i filmar og tv-seriar er ikkje lenger berre sterke og flinke. Dei slit òg med angst, rus og personlegdomsforstyrringar. Slike framstillingar er med på å allmenngjere psykiske lidingar.
Politikarar, idrettsutøvarar, artistar, finansfolk og andre kjendisar som "står fram" med problema sine, er godt stoff i etablerte medium som tv, nettaviser og vekeblad. Vi lar oss fascinere av det å komme så tett innpå kjende personar. Samtidig blir openheita og måten deira å takle problem på eit førebilete for oss.
Tenk etter
Ifølge Ole Petter Madsen er det ikkje sikkert at den nye openheita i media gjer det lettare for folk å snakke om dei psykiske problema sine ansikt til ansikt med familie, venner og arbeidsgivarar.
Kva trur du? Er det lett å stå fram med psykiske lidingar i miljøet ditt?
Avmystifisering og synleggjering av psykiske lidingar
Tv-program der vi møter menneske som slit med psykiske problem, har mange sjåarar og får ofte positiv omtale. Programma har mykje til felles med kjende realityseriar, men blir opplevde som meir ekte og mindre regisserte. Det er lett å identifisere seg med og få empati for deltakarar som viser fram dei inste kjenslene sine for ope kamera.
Psykolog Peder Kjøs, som står bak tv-serien Jeg mot meg, trur det kan vere positivt for nokre å eksponere seg på tv eller i sosiale medium, men at dette ikkje passar for alle. Deltakarane må vere klare over at dei kan komme til å bli assosierte med dei sårbare sidene dei viser fram, lenge etter at tv-kameraa er slått av. Ein positiv effekt av eksponering på tv er likevel at det kan vere med på å avmystifisere terapeutisk behandling (Kjøs, 2018).
Mange av oss tørstar etter å få den same merksemda og positive responsen som andre som har våga å "stå fram" i media. I sosiale medium kan vi sjølve ta regi på kor opne vi vil vere om dei problema vi har. Mange vel å blottlegge det dei slit med. Nokre fortel at dette har endra livet deira til det betre, og at dei har blitt tekne inn i eit fellesskap av menneske som forstår dei og vil dei vel. Livet har teke ei ny retning, og kanskje kan det òg ha vore redninga for enkelte.
Men kva med dei som får mange "likes" den dagen dei offentleggjer den inste smerta si, men etterpå blir overlatne heilt til seg sjølve, eller opplever at andre trekker seg vekk? Sjølv om andre oppmodar oss til å "stå fram", er det ikkje alltid at verda rundt oss er førebudde til å ta imot oss. Som Camilla Helen Heiervang skreiv i artikkelen "Den nye åpenheten om psykisk helse er uheldig":
Når hjertet brister, og man kaster seg ut på offentlighetens bølgehav, er det ingen som tar imot (Heiervang, 2017).
Derfor er det viktig å tenke nøye gjennom både positive og negative konsekvensar av å "stå fram" i media. Er du sterk nok til å ta imot det som kjem? Og har du tenkt på noko som inntrykk du ønsker at ein framtidig arbeidsgivar som søker opp namnet ditt på Google, skal sitje igjen med når du søker på den første jobben din?
Til ettertanke
I episoden "Blottlegg meg" i NRK-serien Innafor møter vi blant andre psykolog Hedvig Montgomery. Ho oppmodar unge som slit, til å dele med dei næraste før dei eventuelt deler av det indre livet sitt på sosiale medium.
"Tenk gjennom hvem som burde visst det først. Hvis mamma eller bestevennen leser om det på bloggen din, må du tenke om de vil føle seg lite viktige og sviktet [...]. Sannheten har mange sider, også for en selv. Gi deg selv mulighet til å endre historien din ved å ikke låse deg til en versjon nå [...]." (Gabrielsen, Hammersmark & Kumano-Ensby, 2017)
I "Blottlegg meg" utforskar programleiar Emma Clare Gabrielsen den nye openheita rundt psykisk helse og leitar etter si eiga grense for kor mykje ho sjølv vil dele offentleg.
Sjå programmet, og tenk samtidig gjennom kvar di grense går.