Identitet og sosiale medium - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Identitet og sosiale medium

Intro

CC BY-SA 4.0

For mange ungdommar er sosiale medium ein viktig arena for å uttrykkje identiteten sin. Korleis framstiller vi oss sjølv på sosiale medium, og korleis er sosiale medium med på å forme identiteten vår?

I arbeidet med denne læringsstien vil du

  • utforske korleis sjølvframstilling på sosiale medium kan påverke identiteten vår og sjølvbiletet vårt
  • analysere og reflektere over korleis du framstiller deg sjølv på sosiale medium, og kva for identitetsmarkørar du bruker
  • få kunnskap om sosiale roller, rollekonflikt og status og bruke det til å reflektere over din eigen identitet
  • få kunnskap om Erving Goffmans teori om sjølvrepresentasjon, og reflektere over korleis sjølvframstilling har endra seg gjennom historia

Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i alle fag, men somme artiklar og oppgåver kan passe spesielt godt i samfunnskunnskap, mediefag og kultur og kommunikasjon.