Korleis presenterer du deg på sosiale medium?

Tenk over
- Korleis presenterer du seg sjølv på Instagram?
- Kva og kor mykje deler du?
- Vil du vise fram ein perfekt fasade, eller går du for personlege innlegg utan filter?
Det er stadig meir vanleg å ha fleire profilar på Instagram. Mange brukar opne Instagram-profilar som eit utstillingsvindauge. Med nøye utvalde og redigerte bilete er målet å få flest mogleg likes. På dei lukka, private profilane blir ei anna side av livet vist. Her blir det gjerne lagt ut andre typar bilete som berre dei næraste har tilgang til.
A. Les deg opp
Les VG-saka "Å lukke eller ikke lukke?".
B. Svar på desse spørsmåla
- Kvifor bestemde Kiara Jula seg for å lage ein privat profil på Instagram?
- Dersom Juni Torridal måtte slette éin av dei to profilane sine, ville ho behalde den opne kontoen sin. Kva er årsaka til det?
- Kva er forskjellane mellom dei ulike profilane til Juni Torridal?
- My Duong meiner at kule og redigerte Instagram-bilete gir fleire følgarar og auka sosial status. Kva tenkjer du om dette?
- Har du fleire profilar på Instagram? Kvifor/kvifor ikkje har du (ikkje) det?

På sosiale medium vekslar vi gjerne mellom ulike roller. Sosiologen Erving Goffman er kjend for rolleteorien sin der han beskriv korleis vi isceneset våre eigne liv. Les gjennom artikkelen "Sosiale medium som scene" som du finn lengst nede på denne sida.
A. Diskuter saman
Diskuter spørsmåla i små grupper, vis til konkrete døme.
- Kva og kor mykje deler de på sosiale medium?
- Korleis vekslar de mellom mellom ulike roller på sosiale medium?
- Mange ungdommar har eit behov for å framstille ein perfekt fasade på sosiale medium. Kva konsekvensar kan det få?
- Det er stadig meir vanleg å ha ha både lukka og opne profilar på sosiale medium. Kva tenker de om denne utviklinga?
B. Samanfatt arbeidet
Samanfatt diskusjonane de har hatt i gruppa, og del med resten av klassen.