Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Korleis presenterer du deg på sosiale medium?

Kor mykje deler du på sosiale medium? Er innlegga dine nære og private, eller legg du ut glansbilete av livet ditt? Mange vel å ha både opne og lukka profilar og vekslar mellom ulike roller på sosiale medium.

1. Sosiale medium som scene

Det er stadig meir vanleg å ha fleire profilar på Instagram. Mange brukar opne Instagram-profilar som eit utstillingsvindauge. Med nøye utvalde og redigerte bilete er målet å få flest mogleg likes. På dei lukka, private profilane blir ei anna side av livet vist. Her blir det gjerne lagt ut andre typar bilete som berre dei næraste har tilgang til.

På sosiale medium vekslar vi gjerne mellom ulike roller. Sosiologen Erving Goffman er kjend for rolleteorien sin der han beskriv korleis vi isceneset våre eigne liv.

A. Les artikkelen

Les gjennom artikkelen "Sosiale medium som scene" som du finn lengst nede på denne sida.

B. Diskuter saman

Diskuter spørsmåla i små grupper, vis til konkrete døme.

  1. Kva og kor mykje deler de på sosiale medium?
  2. Korleis vekslar de mellom mellom ulike roller på sosiale medium?
  3. Mange ungdommar har eit behov for å framstille ein perfekt fasade på sosiale medium. Kva konsekvensar kan det få?
  4. Det er stadig meir vanleg å ha ha både lukka og opne profilar på sosiale medium. Kva tenker de om denne utviklinga?

C. Samanfatt arbeidet

Samanfatt diskusjonane de har hatt i gruppa, og del med resten av klassen.

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist oppdatert 28.04.2026