Hopp til innhald
Film og filmklipp

Psykisk helse hos ungdom

I denne filmen møter du ungdom som fortel om sine tankar omkring psykisk helse. Du får også høyre om ulike hjelpeinstansar for ungdom som treng nokon å snakke med om dei psykiske utfordringane sine.
Video: Høgskolen i Bergen, Hege Nikolaisen / CC BY-SA 4.0

Refleksjonsspørsmål til filmen

  1. Kva betyr omgrepet psykisk helse for deg?
  2. Kvar kan ungdom få hjelp med spørsmål om psykisk helse?
  3. Kvifor er psykisk god helse viktig for å møte krava i kvardagen?
  4. Korleis kan du bidra til at ein annan får ein god dag anten på fritida eller på skulen?
  5. Kva er skilnaden på psykiske lidingar og psykiske plager?