Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Historiene vi ikkje bør dele

Sosiale medium er fulle av gode og sterke historier frå menneske som har funne ein veg ut av mørke og vonde opplevingar. Men det finst òg historier som aldri burde ha vore delte.
Små plastfigurar av ulike menneske står i eit nettverk. Alle har eit «tommel ned»-ikon over seg. Den nærmaste mannen er raud og har eit raudt «tommel ned»-ikon over seg. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Media kan bidra til openheit rundt vanskelege tema. Men helsemyndigheitene er òg opptekne av at slik omtale kan ha ein smitteeffekt som får unge til å ta dårlege val.

  1. I 2017 tok rektorane i Trondheim kontakt med foreldre fordi dei var bekymra for at Netflix-serien 13 Reasons Why kunne ha uheldig innverknad på unge. Les artikkelen «Sjølvmord og smitte». – Korleis grunngir forfattaren desse bekymringane? – Kva tenkjer du sjølv om kva smitteeffekt slike seriar kan ha?
  2. Samarbeid to og to. Finn døme på medieunderhaldning som de meiner romantiserer destruktiv åtferd. I kva grad trur de slikt medieinnhald påverkar unge på dykkar alder?

Oppgåve 2

Les denne NRK-artikkelen: «Teknologiekspert: Instagrams teknologi kan i verste fall være livsfarlig».

  1. Kvifor meiner Petter Bae Brandtzæg at dei algoritmane Instagram byggjer på, kan vere livsfarlege?
  2. Instagram er i stor grad basert på maskinlæring, der mellom anna biletattkjenning skal fange opp potensielt skadeleg innhald. Kvifor fungerer ikkje dette i desse tilfella?
  3. Skriv ein kort tekst der du reflekterer rundt kva ansvar sosiale medium som Instagram bør ha for å førebyggje sjølvmord hos unge.

Oppgåve 3

Ein ung bilførar blei i 2020 dømd for å ha køyrt i 230 km/t i ei 80-sone. Han filma råkøyringa mens ho skjedde, og delte videoen med fleire på Snapchat. Politiet kan melde om fleire slike hendingar.

Diskuter med ein medelev:

  1. Kva kan vere grunnen til at unge på dykkar alder vel å dele videoar som viser slåstkampar og råkøyring, direkte i sosiale medium?
  2. I kor stor grad kan slikt innhald kan ha ein smitteeffekt i eit ungdomsmiljø?
  3. Kva ansvar har dei som liker og deler slik innhald?

Oppgåve 4

  1. Kva meiner vi med omgrepet «det mørke nettet»?
  2. Dei siste åra har vi sett fleire døme på at personar med ekstremistiske oppfatningar isceneset seg sjølv og søkjer stadfesting frå likesinna i sosiale medium. Nokre hevdar at ekstremisme først og fremst blir utvikla framfor skjermen på guterommet.
    – Diskuter med ein medelev: Kva andre faktorar kan vere medverkande til at unge utviklar ekstreme synspunkt og valdsfantasiar?
  3. Terroråtaket på to moskear i Christchurch i New Zealand blir omtalt som det første «sosiale medium-åtaket» fordi gjerningsmannen strøymde massakren direkte på Facebook. Dette åtaket inspirerte blant andre den norske terroristen Philip Manshaus, som sjølv filma åtaket sitt på Al-Noor-moskeen i Bærum i 2019.

    Diskuter i klassen:
  • Kva trur de terroristar oppnår ved å sende handlingane sine «live»?
  • Bør sosiale medium sensurere ekstreme og valdelege ytringar?
  • Bør dei redaksjonelle media «teie i hel» ekstremistar som isceneset seg sjølve i sosiale medium, eller bør dei dekkje slike ytringar på linje med andre ytringar?

Relatert innhald

Vi er alle avhengige av å bli sett for å vite kven vi er. Men kor mykje av våre inste kjensler skal vi blottlegge offentleg for andre?


CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 11.12.2020

Læringsressursar

Mediepress og psykisk helse