Skal eg velje å «stå fram»? - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Skal eg velje å «stå fram»?

I denne oppgåva skal du ta utgangspunkt i ein podkast der du møter to unge menn som har valt å vere opne om psykiske problem i sosiale medium. Kvifor gjer dei det, og kva råd har dei til andre?

1. Lytt til podkasten Skal jeg velge å «stå fram»?

Mange unge vel å blottleggje eigne psykiske problem i sosiale medium. Nokre opplever at det gjer dei godt, men det er òg nokre negative sider ved å «stå fram» på denne måten i offentlegheita. Her møter du to av dei.

  • Eirik Kjøs Usterud er 28 år, har sitt eige rockeband og to kattar. Han har vore djupt deprimert, gått på antidepressiv og blitt innlagd, og han var lenge ute av stand til å jobbe. Alt dette har han vore svært open om. Eirik bruker pseudonymet Beastie Joyce på Twitter (@beastiejoyce), der han vitsar om alt og ingenting.
  • Sivert Moe er podkastar og songar og slit med angst og depresjon. I podkasten Anger snakkar han med kjende gjestar om kva forhold dei har til anger, men også psykisk helse og andre problem ein kanskje ikkje alltid snakkar like ope om.
Foto av smilande jente kikkar oppover mot teksten "Lytt deg gjennom mediefaget".
Lytt deg gjennom mediefaget

Psykisk helse på internett

Mange unge vel å blottleggje eigne psykiske problem i sosiale medium. Nokre opplever at det gjer dei godt, men det er òg nokre negative sider ved å "stå fram" på denne måten i offentlegheita. Her møte...

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

2. Noter viktige stikkord frå podkasten

3. Arranger ein klassesamtale

Bruk podkasten og stikkorda som utgangspunkt for ein samtale i klassen om positive og negative sider ved det å stå fram med personlege problem i sosiale medium.

Hugs at i ein samtale må alle få kome til orde, og at det er like viktig å lytte som å snakke!

Bruk gjerne det digitale verktøyet Samtavla til å dele viktige stikkord og til å strukturere samtalen.

Relatert innhald

Fagstoff
Innføring i Samtavla

Bruk Samtavla til å dele korte bidrag. La bidraga til elevane drive dialogen.

Fagstoff
Sjå meg!

Vi er alle avhengige av å bli sett for å vite kven vi er. Men kor mykje av våre inste kjensler skal vi blottlegge offentleg for andre?

Skrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 11.12.2020