Internkontroll på skulen
Det skal dokumenterast at | Krav til dokumentasjon |
---|---|
1) lover og forskrifter som gjeld for verksemda, er tilgjengelege, og at bedrifta har oversikt over dei krava som er særleg viktige for verksemda | ingen spesielle |
2) arbeidstakarane har tilstrekkeleg med oppdaterte kunnskapar om og ferdigheiter i det systematiske HMS-arbeidet på arbeidsplassen | ingen spesielle |
3) arbeidstakarane medverkar, slik at den samla kunnskapen og erfaringa blir utnytta | ingen spesielle |
4) det er fastsett mål for helse, miljø og tryggleik | skriftleg |
5) det finst oversikt over organiseringa av verksemda, inkludert korleis ansvar, oppgåver og myndigheit for arbeidet med HMS er fordelt | skriftleg |
6) farar og problem er kartlagde, og at ein på bakgrunn av kartlegginga vurderer risiko og utarbeider tilhøyrande planar og tiltak for å redusere risikoforholda | skriftleg |
7) det er sett i verk rutinar for å avdekke, rette opp og førebygge brot på reglar innanfor HMS-lovgivinga | skriftleg |
8) det blir gjennomført systematisk overvaking og gjennomgang av internkontrollen for å sikre at han fungerer | skriftleg |
9) krav til dokumentasjon innanfor HMS-lovgivinga er følgde – til dømes instruksar, løyve, kompetansebevis og sertifikat | skriftleg |
Oppgåve
- Sjå på punkt 1–3 i skjemaet. Desse punkta har ingen formelle krav til dokumentasjonsmåte. Korleis meiner du dei kan dokumenterast? Foreslå dokumentasjon for kvart enkelt punkt.
- Sjå på punkt 4 i skjemaet. Kva trur du er meint med å setje mål for HMS-arbeidet? Finn ut kva mål som er sette på skulen din.
- Les punkt 5–8 i skjemaet. Grunngi kvifor det er viktig at desse punkta blir dokumenterte skriftleg.
- Sjå nærare på punkt 9. Her blir det nemnt ulike dokument. Kva for nokre av dokumenta som er nemnde, vil vere aktuelle på skulen din?