Trinn i HMS-arbeidet
Arbeidstilsynet viser korleis arbeidet med systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid (HMS) kan leggjast opp trinn for trinn:
- setje i gang
- kartleggje
- planleggje og prioritere tiltak
- følgje opp
Setje i gang
Dagleg leiar for verksemda skal, i samarbeid med arbeidstakarane, starte arbeidet.
For å sikre at rutinane stemmer med realitetane, skal arbeidstakarane bidra med erfaringar og løysingsforslag.
Det må setjast konkrete, forpliktande mål for arbeidet med HMS. Oppgåver, ansvar og styresmakt må avklarast. Personar med ansvar må òg ha kunnskap og myndigheit til å følgje opp.
Kartleggje
Eksisterande dokumentasjon skal systematiserast og takast vare på slik at han er tilgjengeleg. Døme på slik dokumentasjon er arbeidsavtalar, skade- og sjukefråværsregistreringar, kursbevis for opplæring av verneombod, avtale om avfallshandtering, brannvern og brannøvingar og reinhald av arbeidslokale.
Risikoanalyse er ein viktig del av kartlegginga, spesielt første gong.
Planleggje og prioritere tiltak
Planlegging og prioritering av tiltak er neste skritt. Dagleg leiar skal gjere dette i samarbeid med arbeidstakarane og representantane deira. Der det finst verneombod og arbeidsmiljøutval, skal dei delta i arbeidet.
Handlingsplanen skal vere skriftleg og vise korleis verksemda vil fremje HMS. Han skal vise kva som skal gjerast, kven som skal gjere det, og når det skal vere gjort. Planen må gjerast kjend for alle som blir ramma.
Følgje opp
Gjennomføring av planlagde og prioriterte tiltak er den viktigaste delen av HMS-arbeidet. Planen blir brukt for å sikre at tiltaka blir gjennomførte til rett tid.
Dagleg leiar har plikt til å følgje opp at det systematiske HMS-arbeidet fungerer. Det betyr jamleg kartlegging, planlegging av tiltak, oppfølging av tiltak og undersøkingar av om ein oppnår dei ønskte resultata.
Arbeidstakarar har plikt til å melde frå om feil og manglar, og kome med forslag til forbetringar.
Det er viktig å lære av feil og manglar, slik at vi ikkje gjentek dei. Verksemda skal ha ein skriftleg rutine for korleis dei skal rette opp og hindre gjentaking av feil og manglar.