HMS-arbeid i små bedrifter
Det er to forhold som påverkar omfanget av HMS-arbeidet:
- kor høg risiko det er for brann, ulykker, ran og andre farar
- kor mange tilsette bedrifta har
Arbeidsgivarar, arbeidstakarar og HMS-rådgivarar har kvar si rolle i HMS-arbeidet. Dei skal sørgje for at HMS-arbeidet blir gjort rett ut frå deira perspektiv.
I små bedrifter med liten risiko for brann, forureining og arbeidsulykker treng ikkje HMS-rutinane å vere omfattande. Men sjølv om verksemda er lite utsett for HMS-problem, blir resultata best med systematisk innsats.
Det er viktig å vere oppteken av å gjere det rett første gong. Det lønner seg ikkje å ta sjansar. Det er betre og billegare å førebyggje enn å reparere.
Arbeidstilsynet har rettleiingar som viser korleis arbeidet kan leggjast opp for små bedrifter som er lite utsette for HMS-problem.
Arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar tilbyr òg opplæring, handbøker og praktiske hjelpemiddel i HMS-arbeidet. Opplæring er ein del av hovedavtalen mellom organisasjonane i arbeidslivet.