Hopp til innhald
Fagartikkel

Forskrift om internkontroll

Veit du kva rutinar praksisplassen din har for dokumentasjon av arbeidet med helse, miljø og sikkerheit (HMS)? Internkontrollforskrifta handlar om lovverket som regulerer dokumentasjon av HMS-arbeidet.

Forskrift om internkontroll

Internkontrollforskrifta beskriv lover og reglar, organisering og .

Ei forskrift utfyller lovføresegner med rettar og plikter. Innanfor HMS gir internkontrollforskrifta oss meir utfyllande føresegner om reglane vi finn i mellom anna arbeidsmiljølova.

Internkontrollforskrifta skal sørgje for at arbeidstakarar blir sikra eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø. Det blir derfor stilt krav til organisering av arbeidet, som arbeidslokale og verneutstyr.

Plikt til internkontroll

Kravet om systematisk HMS-arbeid er det same for alle verksemder. Dagleg leiar skal sørgje for gode rutinar for internkontroll. Dette inneber mellom anna dokumentasjon av ulike HMS-tiltak. Arbeidet med internkontroll skal gjerast i samarbeid med arbeidstakarane og representantane deira.

Tilsyn

Det er fleire tilsynsstyresmakter som er sette til å følgje opp internkontrollforskrifta. Dei viktigaste er

  • Arbeidstilsynet
  • Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap
  • eltilsynet
  • kommunale brannvernsstyresmakter

Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet har utarbeidd ei rettleiing om organisering og tilrettelegging av arbeidet. Du finn rettleiinga på nettstaden til Arbeidstilsynet. Ho skal dekkje alle typar arbeidsplassar.

Mangelfull tilrettelegging av arbeidet kan få mange negative utslag – til dømes utvikling av helseskadar.

Eltilsynet

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har, saman med det lokale eltilsynet, mynde til å føre tilsyn etter lov om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr. I tillegg fører dei tilsyn etter produktkontrollova når det gjeld forbrukartenester og dei fysiske, termiske, mekaniske og brannmessige eigenskapane til produkta.

Kommunale brannvernsstyresmakter

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har, saman med kommunale brannvernsstyresmakter, tilsynsstyresmakt etter brann- og eksplosjonsvernlova.

Relatert innhald