Det psykososiale arbeidsmiljøet
Mange er opptekne av trivsel på jobben. Ei europeisk undersøking viser at ifølge arbeidstakarar er både familie, helse og økonomi mindre viktig enn jobbtilfredsheit for å skape eit godt liv.
Forholdet til kollegaer har mykje å seie for trivselen. Viss vi har ein venleg tone, samarbeider godt og fordeler arbeidsoppgåver rettferdig, opplever vi gjerne meir arbeidslyst og blir mindre stressa. Psykisk og fysisk helse heng nært saman.
Det er godt dokumentert at det totale arbeidsmiljøet har mykje å seie for motivasjon, helse, sjukefråvære, trivsel og produksjon. Eit godt arbeidsmiljø må derfor ha god balanse mellom det personlege behovet til medarbeidarane og verksemda (bedrifta) sine ønske og behov.
Arbeidsmiljølova slår i § 1-1 fast at arbeidsmiljøet skal vere helsefremmande: "Lovens formål er å sikre et arbeidsmiljø som gir grunnlag for en helsefremmende og meningsfull arbeidssituasjon."
Ein triveleg, trygg og sikker arbeidsplass er eit godt utgangspunkt for ein helsefremmande arbeidsplass.
Når vi jobbar saman med nokon vi trivst med, opplever vi jobben som positiv, og arbeidsplassen er god for helsa. Når samarbeidet med arbeidskameratar eller leiarar er dårleg, opplever vi jobben som vanskeleg. Då kan arbeidsplassen bli helsebelastande og føre til sjukdom og skadar, låg effektivitet og misnøgde kundar.
Video om helsefremmande arbeidsplassar
Filmen under (cirka fire minutt) er laga av Idébanken, ei informasjonsteneste om inkluderande arbeidsliv. Her får du høyre om noko av det som er viktig med ein helsefremmande arbeidsplass, til dømes meistring og utvikling, medverknad, rettferdig behandling, anerkjenning og ein god sosial fellesskap.
Det er arbeidstakarane som sørger for produksjon, effektivitet og kvalitet i arbeidet. Ein arbeidsplass som verkar helsefremmande, lønner seg dermed for både arbeidstakaren og arbeidsgivaren.
Alle må derfor bidra til å skape den gode, trygge og sikre arbeidsplassen. Ein triveleg arbeidsplass blir òg kjenneteikna ved at konfliktar – anten mellom dei tilsette eller med leiinga – blir løyste mens dei er små. Kort sagt er dårlege kollegaer og dårlege leiarar ein helserisiko, mens gode leiarar og gode kollegaer fremmar god helse.
Det er viktig å føle at vi har innverknad på vår eigen arbeidsplass og moglegheit til å påverke vårt eige arbeid. Involvering kan dermed verke helsefremmande.
Arbeid og oppgåver vi opplever som meiningsfylte, handterbare og forståelege, kan bidra til at vi òg opplever arbeidsplassen som ein god stad å vere. Då meistrar vi arbeidet vårt og føler ikkje at krava blir for store. Samtidig må vi òg ha moglegheita til å utvikle oss, slik at ikkje arbeidet på sikt vil opplevast som kjedeleg.
Elevar set pris på å få tilbakemelding frå lærarane på prestasjonane sine. Slik er det òg i arbeidslivet. Arbeidstakarane ønsker tilbakemelding – ros og ris – frå leiaren på korleis dei gjer jobben sin.
Dette seier § 4-1 i arbeidsmiljølova:
- Arbeidet skal legges til rette slik at arbeidstakers integritet og verdighet ivaretas.
- Arbeidet skal søkes utformet slik at det gir mulighet for kontakt og kommunikasjon med andre arbeidstakere i virksomheten.
- Arbeidstaker skal ikke utsettes for trakassering eller annen utilbørlig opptreden.
- Arbeidstaker skal så langt det er mulig beskyttes mot vold, trusler og uheldige belastninger som følge av kontakt med andre.
Når arbeidet er tilrettelagt etter desse krava, skal det vere mogleg å oppnå meiningsfylt arbeid.
Gruppeoppgåve
Drøft og gi døme på kva de legg i eit godt arbeidsmiljø, og kva som kan gjerast for å få det til.