Kva er helse, miljø og sikkerheit (HMS)?
Læringsmiljøet er summen av alle faktorar som kan tenkjast å verke inn på kva høve elevane har til å tileigne seg kunnskap, og dessutan fysisk og psykisk helse. Elevundersøkingar og anna forsking tyder på at læraren har avgjerande innverknad på læringsmiljøet.
Dette kan overførast til arbeidsmiljøet. Læraren blir her erstatta av ein leiar.
Arbeidsmiljølova § 4-1 krev at arbeidsmiljøet skal vere fullt ut forsvarleg ut frå ei enkeltvis og samla vurdering av faktorar som kan verke inn på den fysiske og psykiske helsa til arbeidstakarane og velferda deira. Standarden for sikkerheit, helse og arbeidsmiljø skal til heile tida utviklast og forbetrast i samsvar med utviklinga i samfunnet.
Arbeidsmiljølova inneheld krav om psykososialt og fysisk arbeidsmiljø.
Arbeidsmiljølova §4-3 krev at
- arbeidet skal leggjast til rette slik at integriteten og verdigheita til arbeidstakaren blir teken vare på
- arbeidet skal utformast slik at det gir høve til kontakt og kommunikasjon med andre arbeidstakarar i verksemda
- arbeidstakarar ikkje skal bli utsette for trakassering eller anna utilbørleg framferd
- arbeidstakarar, så langt det er mogleg, skal vernast mot vald, truslar og uheldige belastningar som følgjer av kontakt med andre
Psykososiale forhold omfattar mellom anna tilrettelegging og leiing, informasjon, opplæring, kommunikasjon og kontakt med andre, variasjon i arbeidet, innverknad, utviklingsmoglegheiter, tidspress, stress og arbeidstidsordningar.
Arbeidsmiljølova § 4-4 krev at bygnings- og utstyrsmessige forhold, inneklima, lysforhold, støy, stråling og liknande skal vere fullt ut forsvarleg ut frå omsynet til helse, miljø, sikkerheit og velferd for arbeidstakarane.
Fysiske forhold omfattar utforming av lokale, tilpassing av arbeidsbord, tunge løft, einsformig gjentakingsarbeid, luftforureining, etsande væsker, lys, arbeidsreiskapar, glatte golv, støy og så vidare.
Innkvartering som arbeidsgivaren stiller til rådvelde for ein arbeidstakar, skal vere forsvarleg utført, innreidd og halden ved like.
Arbeidsmiljøet i verksemda skal kartleggjast og risikovurderast. Deretter skal ein etablere rutinar som reduserer eller fjernar risikoen. Det er kjernen i det vi kallar systematisk HMS-arbeid.
Systematisk HMS-arbeid inneber at arbeidsgivaren skal
- fastsetje mål for helse, miljø og sikkerheit
- kartleggje farar og problem
- sørgje for systematisk arbeid med førebygging og oppfølging av sjukefråvær
Verksemda må kunne dokumentere skriftleg at dette arbeidet blir gjort jamleg.