Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2)
Felles programfag saman med:Kommunikasjon og samhandling (HS-BUA vg2)ogPedagogisk arbeid (HS-BUA vg2)
Den profesjonelle barne- og ungdomsarbeidaren
Ein barne- og ungdomsarbeidar skal alltid ha fokus på det beste for barn og unge og arbeide medvite for å oppnå dette i kvardagen. For å vere ein profesjonell barne- og ungdomsarbeidar må du vite kva krav og forventningar det er til yrket ditt, og kva ansvar du har.
Helse, miljø og sikkerheit (HMS)
Som barne- og ungdomsarbeidar skal du delta aktivt i helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet på arbeidsplassen din (HMS-arbeid). Du må derfor kjenne til kva det inneber, og vite korleis du går fram dersom du oppdagar feil eller manglar.