Hopp til innhald

Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2)

Omsorg i trygge miljø

Omsorg er noko alle treng. Ifølgje barnekonvensjonen har barn rett til omsorg og vern mot vald og overgrep. Omsorg skal prege alle situasjonar i kvardagslivet. Det bidreg til å skape tryggleik og trivsel og er ein viktig føresetnad for læringa og utviklinga til barn.

Mobbing og mistrivsel

Alle som arbeider med barn og unge, har plikt til å følgje med på kva som skjer i miljøet, og gripe aktivt inn viss dei ser at barn blir utsette for krenkingar eller mobbing. Pedagogiske institusjonar må ha gode rutinar for å observere og undersøkje korleis miljøet er, og stoppe uønskte handlingar.

Læringsressursar

Mobbing og mistrivsel