Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Mobbing og førebygging

Barn og unge som har vorte utsette for mobbing, kan slite i mange år etterpå, sjølv om mobbinga har slutta. Dei kan ha problem med å konsentrere seg, ha dårleg sjølvkjensle og kjenne seg triste og einsame. Mobbing kan føre til psykiske lidingar og i verste fall eit ønske om å ikkje leve lenger.

Oppgåver til filmen

  1. Kva kan mobbing føre til hos barn og unge?

  2. Kva er eit traume?

  3. Kva symptom kan mobbing gi?

  4. Korleis kan vi oppdage at barn og unge blir mobba?

  5. Korleis kan de finne ut av kjenslene til barnet?

  6. Barn og unge som har vore utsette for noko vanskeleg, kan ha sterke kjensler og kan reagere med å trekkje seg tilbake, aggresjon/sinne eller få fysiske smerter. Beskriv og forklar korleis du kan anerkjenne kjenslene til barnet og vere ei reguleringsstøtte i situasjonar der barnet har det vanskeleg.

  7. Korleis kan du skape gode relasjonar til barn som har det vondt, eller som har opplevd noko vondt? Korleis kan du gjere det tydeleg for barnet at du er der for å hjelpe? Forklar, gi døme og grunngi.

  8. Kvifor er det viktig at vi i arbeid med barn og unge tenkjer på korleis vi kan redusere stresset til barnet i staden for å regulere åtferd eller gi korreksjonar? Ser du nokon skilnader i korleis du er saman med barnet, i desse to måtane å reagere på? Forklar og gi døme.

  9. Når vi møter barn, kan det vere nyttig å hente opp barnet i oss sjølve og tenkje tilbake på korleis vi ville likt å bli møtte som barn. Det kan vere eit nyttig korrektiv til korleis vi møter andre. Reflekter over korleis du sjølv liker å bli møtt.

  10. Barn og unge er utsette for risiko og utfordringar gjennom heile oppveksten. I arbeidet vårt skal vi hjelpe barna til å bli i stand til å møte desse utfordringane. Beskriv korleis vi kan hjelpe barn og unge til å

    • ta i bruk ressursar i seg sjølve og omgivnadene i meistringa si av ulike situasjonar

    • etablere venskap

    • få ei god sjølvkjensle

    • byggje opp sjølvtilliten sin

    • sjå moglegheiter framover og til å ta gode val

Hald føredrag om mobbing

Jobb gjerne saman i par eller gruppe. Gjer deg/dykk kjende med fagstoffet om mobbing og ulike førebyggjande program om mobbing. Til dømes er Olweusprogrammet eit universelt tiltak for å førebyggje mobbing og anna antisosial åtferd i grunnskulen. Diskuter korleis de kan nytte dette stoffet i arbeidet med å førebyggje mobbing.

Lag eit føredrag om mobbing. Føredraget skal innehalde informasjon om:

  • kva mobbing er, ulike typar mobbing

  • kva symptom mobbing kan gi, og kva mobbing kan føre til

  • korleis stoppe mobbing

  • kva aktivitetsplikta inneber

  • korleis ein barne- og ungdomsarbeidar kan førebyggje at mobbing skjer

Hald føredraget for læraren din, ei gruppe i klassen eller for heile klassen.

Lag rollespel/song

Lag eit rollespel eller ein song som de framfører for barn eller unge. Temaet skal vere "Å førebyggje mobbing". De vel sjølv målgruppe.

Vel om de vil vise rollespelet/songen for klassen eller filme det og vise filmen.

Bøker og litteratur i det førebyggjande arbeidet

Besøk biblioteket og finn ei bok du kan nytte i førebyggjande arbeid. Vel sjølv aldersgruppe.

  • Gi eit kort samandrag av boka – kva handlar ho om?

  • Beskriv korleis du vil nytte boka saman med barn og unge. Kva vil du gjere? Lese boka, fortelje frå boka, sjå på bilete, samtale med barna om bileta?

  • Beskriv korleis du vil jobbe vidare med boka gjennom andre aktivitetar som song og musikk, forming, drama.

  • Grunngi kvifor du vil nytte denne boka med tanke på å førebyggje mobbing.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2021

Læringsressursar

Mobbing og mistrivsel