Hopp til innhald

Fagstoff

Aktivitetsplikt

Alle som arbeider i skule og barnehage, uansett kva rolle dei har eller kor stor stilling dei har, har plikt til å følgje med på kva som skjer i miljøet, og til å gripe inn viss dei ser krenkingar som til dømes mobbing, utestenging, vald, diskriminering og trakassering.

Tre tenåringar står saman framfor ein graffitivegg. Ei ung jente står åleine. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lovverket

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt miljø. Miljøet skal fremje heilskapleg god helse, trivsel, utvikling og læring.

1. august 2017 vedtok Stortinget den nye paragrafen 9 A i opplæringslova. Denne skal sikre nulltoleranse for mobbing i skulen.

Opplæringslova § 9 A-3 (lovdata.no)

1. januar 2021 tredde den nye paragrafen 41 i barnehagelova i kraft. Denne skal sikre nulltoleranse for mobbing òg i barnehagar.

Barnehagelova § 41 (lovdata.no)

Aktivitetsplikta

Med lovene følgjer det òg ei aktivitetsplikt. Føremålet med aktivitetsplikta er å sikre at barnehagar og skular handlar raskt og riktig når barn og unge ikkje har det trygt og godt.

Aktivitetsplikta gjeld når eit barn ikkje opplever at dei har eit trygt og godt miljø. Når vi bruker ordlyden "trygt og godt miljø", siktar vi til det psykososiale miljøet til barna. Barn og unge har rett til eit psykososialt miljø som fremjar ei god heilskapleg helse. Det som er avgjerande, er derfor den faktiske opplevinga til barnet av korleis han eller ho har det i barnehagen, skulen eller SFO.

Det betyr òg at dersom mistrivselen til barnet kjem av tilhøve utanfor barnehagen eller skulen/SFO, gjeld aktivitetsplikta så lenge opplevinga barnet har av miljøet, blir påverka negativt. Digitale krenkingar mellom barn som kjenner kvarandre, og som skjer etter skuletid, er eit døme på dette.

Kva går aktivitetsplikta ut på?

Aktivitetsplikta er delt i fem delplikter. Dei ulike delpliktene fortel oss kva vi som arbeider på institusjonane, har plikt til å følgje med på, gripe inn i og varsle om viss vi får mistanke om eller kjennskap til at eit barn ikkje har eit trygt og godt miljø.

Aktivitetsplikta er òg ein måte å få barn og unge til å medverke i livet sitt på. Det skjer ved at dei skal bli høyrde, og at det beste for barnet skal vere eit grunnleggjande omsyn i arbeidet.

Plikt til å følgje med

Vi har plikt til å følgje med på korleis barn og unge har det i miljøet sitt. Viss vi oppdagar at eit barn ikkje har det trygt og godt, utløyser det andre delplikter, som til dømes å undersøkje saka.

Vi må sjå plikta til å følgje med i samanheng med plikta til å drive eit systematisk arbeid og sikre at alle dei tilsette jobbar med å førebyggje og avdekkje om barn ikkje har det trygt og godt. Alle som arbeider med barn og unge, må aktivt oppsøkje barna der dei er, og ha låg terskel for å bry seg med kva dei driv med. Spesielt er dette viktig saman med barn med særskilde sårbarheiter som nedsett funksjonsevne, språkvanskar og liknande.

Plikt til å gripe inn

Alle som arbeider med barn og unge, skal gripe inn mot mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Det kan vere at du må stanse ein slåstkamp, stanse utestenging eller stanse og irettesetje barn som krenkjer andre verbalt.

Her er det viktig å påpeike at du som tilsett må sikre at du ikkje står i fare for å skade deg sjølv eller krenkje nokon. Hugs at tilsette i barnehagar og skular/SFO ikkje har heimel for bruk av fysisk makt og tvang.

Dei tilsette kan berre ta i bruk fysisk makt i heilt spesielle høve. Det gjeld dersom eit barn eller ein ungdom skader seg sjølv eller andre. Då må du vurdere om du skal ta i bruk naudretten/naudverje.

Plikt til å varsle

Alle som jobbar i barnehagar og skular, skal varsle leiinga dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at eit barn ikkje har det trygt og godt. Leiinga skal i alvorlege tilfelle informerer eigaren.

Då vil leiaren få eit godt utgangspunkt for å følgje opp sakene, samtidig som plikta bidreg til å skaffe viktig informasjon til det systematiske arbeidet med å sikre eit trygt og godt miljø.

Plikt til å undersøkje

Når det oppstår mistanke om at eit barn ikkje har eit trygt og godt miljø, skal institusjonen snarast undersøkje saka. Når eit barn eller ein ungdom sjølv formidlar at han eller ho blir utsett for krenkingar, eller at miljøet ikkje er trygt og godt, utløyser det alltid ei plikt til å undersøkje saka nærare. Barn har rett til å bli høyrde, og vi skal ha fokus på det beste for barnet. Det er opplevinga til barnet som er viktig.

Målet med undersøkingane til institusjonen skal vere å få fram mest mogleg fakta om situasjonen, opplevinga til barnet og kva tilhøve i omgivnadene til barnet som påverkar korleis han eller ho opplever miljøet.

Plikt til å setje inn tiltak

Når eit barn formidlar at miljøet ikkje blir opplevd som trygt og godt, skal institusjonen finne eigna tiltak. Då må institusjonane ved leiinga lage ein skriftleg plan som inneheld det følgjande:

  • kva problem tiltaka skal løyse

  • kva tiltak barnehagen/skulen har planlagt

  • når tiltaka skal gjennomførast

  • kven som skal gjennomføre tiltaka

  • når tiltaka skal evaluerast

Kven gjeld aktivitetsplikta for?

I lovene blir omgrepet "alle som arbeider …" nytta for å fortelje kven aktivitetsplikta gjeld for. Aktivitetsplikta gjeld derfor alle som arbeider, uavhengig av stillingstype (dei må ha ein arbeidskontrakt), eller yter tenester (til dømes helsesjukepleiar eller pedagogisk-psykologisk teneste) for barnehage, skule og/eller SFO. Dette skal sikre at alle i omkrinsen til barnet følgjer med, grip inn og varslar. Deretter har barnehagen eller skulen ansvar for å undersøkje og setje inn tiltak.

Aktivitetsplikta gjeld ikkje for personar som til dømes leverer varer til institusjonen eller dei som hentar og bringar barn, som bussjåførar eller drosjesjåførar i teneste på skulebuss eller skuleskyss.

Kort samandrag av kva lova seier:
  • Alle tilsette skal følgje med på om barna har eit trygt og godt miljø.

  • Alle tilsette skal gripe inn dersom barn og unge blir utsette for krenkingar, mobbing, vald, diskriminering eller trakassering.

  • Alle tilsette skal varsle leiinga dersom dei får kjennskap til at eit barn ikkje har eit trygt og godt miljø.

  • Leiarar skal varsle vidare til barnehageeigar eller skuleeigar.

  • Ved mistanke om at eit barn ikkje har eit trygt og godt miljø, skal saka snarast undersøkjast.

  • Når barn eller foreldre seier at barnet ikkje har det trygt og godt miljø, skal saka undersøkjast, og vi skal sørgje for at barnet får eit trygt og godt miljø.

  • Føresette, barn og ungdommar skal bli høyrde.

  • Barnehagar og skular må lage ein skriftleg plan når dei skal setje i gang tiltak i ei sak.

Utfordringar til deg

  1. Skriv ned med eigne ord korleis du forstår aktivitetsplikta.

  2. Kva har aktivitetsplikta å seie for tilsette i barnehagar og skular/SFO?

  3. Kva konsekvensar tenkjer du at aktivitetsplikta har for barn og unge?

  4. Kva trur du kan vere grunnen til at vi må innføre aktivitetsplikt for å få gjort noko med mobbing?

Kjelder

Barnehagelova. (2005). Lov om barnehager. (LOV-2005-06-17-64). Lovdata. https://lovdata.no/lov/2005-06-17-64

Opplæringslova. (1998). Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. (LOV-1998-07-17-61). Lovdata. https://lovdata.no/lov/1998-07-17-61

Regjeringen. (2020). Barnehagene får ny mobbelov. https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/barnehagene-far-ny-mobbelov/id2700422/

Utdanningsdirektoratet. (u.å.). Hva skal skolen gjøre? (aktivitetsplikten). https://www.udir.no/regelverkstolkninger/opplaring/laringsmiljo/skolemiljo-udir-3-2017/6.-hva-skal-skolen-gjore-aktivitetsplikten/

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 21.09.2021

Læringsressursar

Mobbing og mistrivsel