Lag ein plan for ein kampanje mot mobbing på skulen. Kampanjen skal bestå av ein video, ein plakat og eit arrangement i regi av elevrådet.
Arbeidsoppdrag
- Definer kven som er målgruppa for kampanjen, og kva de ønsker å oppnå.
- Formuler ei problemstilling som kampanjen skal dreie seg om. Hugs at problemstillinga skal vere enkel og konkret.
- Lag ei dreiebok som viser kva videoen skal handle om.
- Lag ei skisse som viser kva plakaten skal fokusere på.
- Lag ei beskriving av arrangementet som elevrådet skal ha ansvar for.
- Ta kontakt med skuleleiinga og be om å få sjå skulen sin handlingsplan mot mobbing.
- Gjer ein avtale med rektor om korleis lærarane og leiinga skal støtte opp rundt haldningskampanjen mot mobbing.
- Ta kontakt med elevrådet og avtal korleis kampanjen kan inngå som ein del av elevrådet sitt arbeid for eit godt skulemiljø.
- Lag ei skisse som viser kva for mediestrategi de vil bruke for å informere om kampanjen.
- Gjer greie for korleis de vil måle effekten av kampanjen i etterkant.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2018