Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2)
Felles programfag saman med:Kommunikasjon og samhandling (HS-BUA vg2)ogPedagogisk arbeid (HS-BUA vg2)
Omsorg og omsorgssvikt
Omsorg er noko alle treng. Ifølgje barnekonvensjonen har barn rett til omsorg og vern mot vald og overgrep. Omsorg skal prege alle situasjonar i kvardagslivet. Det bidreg til å skape tryggleik og trivsel og er ein viktig føresetnad for læringa og utviklinga til barn.
Omsorgssvikt
Som barne- og ungdomsarbeidar skal du vere klar over at barn og unge kan bli utsette for omsorgssvikt. Her skal du lære om kva omsorgssvikt er, korleis du kan snakke om temaet, kva teikn du skal sjå etter, og kva du må gjere når barn ikkje blir tekne godt nok vare på i den dagleg omsorga.