Hopp til innhald
Oppgåve

I trygge hender

Starten på livet påverkar korleis resten av livet blir, derfor kan vi høyre utrykket "ein god barndom varer livet ut". Kva skjer med utviklinga til barnet dersom det ikkje får den omsorga det treng?
Video: Landsgruppen av helsesykepleiere NSF, Visual Lab / Avgrensa bruksrett

Oppgåver

Utviklinga av hjernen er spesielt sårbar for alle typar av omsorgssvikt. Sjå filmen I trygge hender over. Ut frå filmen skal du fordjupe deg innan temaet omsorgssvikt og knyte det opp mot praksisfeltet til barne- og ungdomsarbeidaren (barnehage/skule, bustad/fritidsklubb). Arbeidet skal ende opp i ein skriftleg eller munnleg presentasjon.

  1. Kva side ved temaet omsorgssvikt vil du fordjupe deg i?

    1. Kva ønskjer du å lære meir om?
    2. Grunngi kvifor du er interessert i å utforske dette temaet.
  2. Kva treng du av teoretisk kunnskap for å jobbe med dette temaet?

    1. Kvar kan du finne den nødvendige teoretiske kunnskapen?
    2. Vel ein teori som utgangspunkt og set deg godt inn i denne teorien.
  3. Vel ein institusjon du ønskjer å få betre kjennskap til. Lag ei overordna problemstilling innan temaet omsorgssvikt knytt til denne institusjonen. Her er nokre døme på problemstillingar:

    • Kva gjer dei tilsette ved Blåbærveien barnehage når dei oppdagar at eit barn blir utsett for omsorgssvikt?
    • Korleis blir omsorga teken vare på for barn som blir flytta i fosterheim, men held fram ved same skule?
    • Korleis samarbeider Tuna skule med barnevernet?
  4. Lag spørsmål som du kan stille til institusjonen slik at du får utdjupande kunnskap om det temaet du vil utforske, og for å kunne svare på problemstillinga.
  5. Gjer ein avtale med ein institusjon og fortel dei kva du ønskjer å finne ut av. Bruk spørsmåla du laga i oppgåve 4, slik at du får mest mogleg informasjon om temaet du utforskar.
  6. Kontakt det lokale barnevernet ditt for å få meir informasjon om temaet du har valt. Lag spørsmål på førehand, slik at du er førebudd til samtalen/møtet.
  7. Lag så ei samanhengande framstilling anten skriftleg eller munnleg der du avsluttar med ein konklusjon knytt til problemstillinga du laga i oppgåve 3. Bruk òg den teoretiske fagkunnskapen frå oppgåve 2.
Kjelde

Norsk Sykepleierforbund. (2019). I trygge hender. https://www.nsf.no/fg/helsesykepleiere/fg/helsesykepleiere/i-trygge-hender

Relatert innhald