Ulike former for omsorgssvikt - Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Ulike former for omsorgssvikt

Omsorgssvikt handlar om at mange forsvarslause barn og unge blir utsett for lidingar, manglar og sakn. Som barne- og ungdomsarbeidar må du vere klar over at omsorgssvikt ofte skjer i fleire former samtidig.

Verdshelseorganisasjonen (WHO) skil mellom ulike former for omsorgssvikt. Dei nyttar omgrepa fysisk mishandling, psykisk mishandling, seksuelle overgrep og generell omsorgssvikt. Det er viktig å vere klar over at mange barn kan bli utsette for fleire former for omsorgssvikt samtidig. Derfor er det viktig at du er klar over at omsorgssvikt er ein samansett problematikk.

Fysisk mishandling

Fysisk mishandling betyr tilsikta bruk av fysisk makt som resulterer i fysiske skadar. Ein person påfører barn og unge smerte, kroppsleg skade eller sjukdom. Mishandlinga kan ta form av slag, med eller utan bruk av gjenstand, spark, lugging, klyping, biting, kasting, brenning, skålding med meir. Fysisk straff nytta for å disiplinere og oppdra barn er òg definert som mishandling.

Å vere vitne til fysisk mishandling kan vere like skadeleg for barn som sjølv å bli utsette for mishandlinga. Det er dei same reaksjonane som skjer i hjernen som ved direkte vald; kroppen går i beredskap, barna blir nervøse og redde, og det blir skapt eit stress i kroppen som kan vere veldig skadeleg for dei.

Psykisk mishandling

Verdshelseorganisasjonen (WHO) definerer det som psykisk mishandling når omsorgspersonar gjentekne gonger seier eller gjer ting som skremmer, sårar eller audmjukar barnet eller får det til å føle seg verdilaust. Psykisk mishandling øydelegg for utviklinga av eit positivt sjølvbilete hos barn og unge. Mishandlinga kan kome til uttrykk i form av truslar, nedsettande utsegner om barnet, sårande kritikk, gjentekne forhøyr, kontroll og ignorering. Nokre omsorgspersonar øydelegg med vilje materielle ting og kjæledyr som er viktige for barnet. Å avvise barnet anten fysisk eller kjenslemessig kjem òg inn under denne kategorien.

Generell omsorgssvikt

Generell omsorgssvikt (òg kalla vanskjøtsel) er den vanlegaste forma for omsorgssvikt og dreier seg om manglande evne eller vilje hos omsorgspersonane til å møte dei livsviktige fysiologiske, psykiske, emosjonelle og/eller medisinske behova til barn og unge. Ein reknar med at rundt 60 prosent av barn og unge som opplever omsorgssvikt, kjem inn under denne kategorien. Det har vist seg at ein høg del av tilfella av generell omsorgssvikt skjer i familiar der foreldra sjølve har opplevd omsorgssvikt i oppveksten, der det er rus og psykiske lidingar, umodne og sosialt isolerte foreldre eller viss foreldre lever under truslar.

Seksuelle overgrep

Seksuelle overgrep handlar om at barn og unge blir involverte i seksuell aktivitet som dei utviklingsmessig ikkje er i stand til å forstå og heller ikkje kan gi samtykke til. Den seksuelle aktiviteten er i konflikt med kulturelle normer, og den som utfører overgrepet, gjer det for å dekke sitt eige behov.

All seksuell kontakt med barn under 16 år er forboden etter norsk lov (kapittel 26 i straffelova). Lova omfattar:

  • seksuelt krenkande åtferd. Dette omfattar å vise fram kroppen sin, kjønnsorgan eller bilete/pornografi.
  • seksuell handling. Dette omfattar fysisk kontakt, som å ta på intime kroppsdelar, utanpå eller under klede.
  • seksuell omgang. Dette omfattar fysisk kontakt og inntrenging i holrom i kroppen med fingrar, gjenstandar eller kjønnsorgan.

Med incest meiner vi seksuell omgang mellom nære familiemedlemmer eller mellom ein vaksen i ein forelderrolle og eit barn, ein definisjon som òg omfattar ste- og adoptivforeldre. Redd Barna skriv i ein artikkel om vald og overgrep at dei fleste seksuelle overgrepa mot barn og unge skjer utan bruk av tvang eller trussel. Personar med eit forhold til barnet kan nytte relasjonen og tilliten barnet har, til å få overgrepet til å verke som ei omsorgshandling, som kjærleik eller noko som barnet sjølv ønskte.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det viktig for deg å vere klar over at barn og unge kan vekse opp med fleire former for omsorgssvikt?
  2. Kva skadar kan barn og unge få av å bli utsette for ein eller fleire former for omsorgssvikt?
  3. Kvifor trur du at nokre omsorgspersonar utset barna for omsorgssvikt?

Kjelder

Killén, K. (2016). Sveket I: Risiko og omsorgssvikt – et helseproblem og tverrfaglig ansvar. (5. utg.). Kommuneforlaget.

Kvello, Ø. (2015). Barn i risiko: Skadelige omsorgssituasjoner (2. utg.). Gyldendal akademisk.

Redd Barna (u.å). Fakta om vold og overgrep. https://www.reddbarna.no/fakta-om-vold-og-overgrep

Relatert innhald

Skrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2024