Kva er omsorgssvikt? - Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er omsorgssvikt?

I Noreg veks det opp barn og unge som blir utsett for ulike gradar av omsorgssvikt. Det er vanskeleg å gi eit nøyaktig tal på kor mange dette gjeld, men forskarar antek at ein stad mellom 10 og 20 prosent av barn og unge veks opp under forhold prega av omsorgssvikt.

Kva er omsorgssvikt?

I Noreg er all form for vald mot barn og unge forbode. Likevel opplever titusenvis av barn og unge at staden som skulle vore ein trygg base, i staden blir ein stad der dei føler utryggje og redsel. Desse barna og ungdommane kan du som barne- og ungdomsarbeidar møte på alle dei ulike arenaene du kan jobbe. Derfor er det viktig at du veit kva omsorgssvikt er.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet definerer omsorgssvikt som ei vedvarande manglande evne eller vilje hos omsorgspersonane til å møte dei grunnleggjande fysiske, emosjonelle, psykiske og/eller medisinske behova til barnet. Nokre gonger greier ikkje omsorgspersonar å gi god nok omsorg fordi dei ikkje klarer eller forstår kva som blir forventa av dei. Andre gonger utset omsorgspersonar barn og unge for omsorgssvikt med vilje.

Kjenneteikn på omsorgssvikt

Omsorgssvikt kjem i ulike gradar og kan vere meir eller mindre alvorleg. Det kan gå føre seg over kort tid eller vere meir langvarig. Det kan oppstå i ein situasjonen eller vere kronisk. Kari Killén har forska på og skrive bøker om omsorgssvikt og seier at det dreier seg om

  • mangel på erkjenning av og respekt for behova til barnet
  • avvising og likegyldigheit
  • den manglande evna omsorgspersonar har til å engasjere seg positivt i barnet og til å prioritere dei grunnleggjande behova til barnet framfor sine eigne
  • at barnet blir tillagt eigenskapar det ikkje har, og blir behandla deretter
  • total avvising eller ekstrem invadering
  • at barnet lever med ei kronisk bekymring for tap av tilknytingspersonar

Det er ikkje berre føresette som kan utsetje barn og unge for omsorgssvikt, men òg andre tillitspersonar. Det kan vere andre i slekta, nabolaget, trenarar, tilsette i barnehage eller skule og andre som er saman med barn.

Effektar av omsorgssvikt

Vi veit at å vekse opp under omsorgssvikt kan gi alvorlege helseproblem. Lidingane til barn og unge kan gi alvorlege langtidseffektar, og det er derfor viktig at vi som jobbar med barn og unge, arbeider medvite med førebygging og sørgjer for at dei barna som opplever ein vond barndom, får hjelp og støtte.

Det har vist seg at det er større sjanse for at barn veks opp med omsorgssvikt dersom foreldra òg har opplevd det. Det kan altså sjå ut til at omsorgssvikt blir overført frå generasjon til generasjon. Å vekse opp med foreldre som sjølv har vore utsette for omsorgssvikt, og som ikkje har forsona seg med oppveksterfaringane sine, kan vere risikofylt for barn.

Utfordringar til deg

  1. Kva tenkjer du om Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet sin definisjon av omsorgssvikt?
  2. Kva vil det seie at omsorgssvikt er ei vedvarande manglande evne eller vilje til å møte dei grunnleggjande behova til barn?
  3. Kva lidingar kan omsorgssvikt føre til?
  4. Kvifor er det viktig at du som barne- og ungdomsarbeidar har kunnskap om omsorgssvikt?
Kjelder

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. (2018, 6. april). Omsorgssvikt. https://bufdir.no/nedsatt_funksjonsevne/vern_mot_overgrep/vold_og_overgrep_mot_barn_og_unge_med_funksjonsnedsettelser/tegn_pa_vold_og_overgrep/omsorgssvikt/

Norsk Helseinformatikk. (2019, 18. juni). Omsorgssvikt og barnemishandling. https://nhi.no/sykdommer/barn/omsorgssvikt-og-barnemishandling/barnemishandling/

Killén, K. (2016). Sveket I: Risiko og omsorgssvikt – et helseproblem og tverrfaglig ansvar. (5. utg.). Kommuneforlaget.

Kvello, Ø. (2015). Barn i risiko: Skadelige omsorgssituasjoner. (2. utg.). Gyldendal akademisk.

Skrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 11.11.2020