Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Å forstå barn – Systemsprengeren

Benni er ei ni år gammal jente som blir ein kasteball mellom ulike fosterheimar og institusjonar. Ingen klarer å handterer Bennis raseriutbrot. Aller helst vil Benni bu hos mora si. Ein dag møter Benni Micha som ho knyter seg til.
Ei kvinne og ei jente ser på kvarandre, jenta lener hovudet mot skuldra til kvinna. Foto.

Før du ser filmen

  1. Kva er oppgåva til barnevernet?

  2. Dersom barn ikkje kan bu heime hos dei biologiske foreldra sine, kvar kan dei då bu? Finn ut kva for nokre alternative omsorgsinstitusjonar som finst i nærmiljøet ditt.

  3. Kva er traume, og kva vil det seie å vere traumatisert?

  4. Filmen du skal sjå, heiter Systemsprengeren. Kva tenkjer du ligg i denne tittelen?

  5. Kva vil det seie at barn har utfordrande åtferd / åtferdsvanskar?

  6. Kva kunnskapar, ferdigheiter og haldningar må vaksne som jobbar med barn som har utfordrande åtferd, ha?

Sjå filmen

Etter filmen

  1. Bruk 5–10 minutt på å skrive ned dei tankane og kjenslene du har i deg etter å ha sett filmen.

  2. Del det du har skrive ned, med ein medelev.

  3. I starten av filmen og seinare i filmen ser vi at Benni tek ulike prøver på eit legekontor.

    1. Kva slags prøver trur du dei tek, og kva slags type medisinar gir dei Benni?

    2. Kva tenkjer du om dette?

  4. Beskriv Bennis gode eigenskapar.

  5. Kva er det Benni har opplevd tidlegare i livet sitt som gjer at ho har det så vanskeleg?

  6. Kva ting er ho redd for, og kva er det som har gitt ho denne frykta?

  7. Benni oppfører seg ulikt ut i frå kven ho er saman med. Kva er det som gjer at Benni er roleg saman med nokre personar, og i kva situasjonar er det?

  8. Kva tenkjer du om mora til Benni og forholdet mellom mor og Benni? Kvifor er Benni så glad i mora si?

  9. Som barne- og ungdomsarbeidar vil du møte foreldre som strevar i omsorgsrolla. Finn ut kvar desse foreldra kan gå for å få råd og rettleiing der du bur.

  10. I filmen møter du fleire personar som er tilsette i barnevernet. Kva tenkjer du om korleis dei er i møte med Benni?

  11. Fru Bafané er Bennis saksbehandlar.

    1. Beskriv forholdet mellom Benni og fru Bafané.

    2. Korleis trur du ho vil beskrive Benni?

  12. Fru Bafané engasjerer seg i Benni.

    1. Kvar går grensa mellom profesjonalitet, personleg engasjement og privatliv?

    2. Kva er fordelar og ulemper med å vere profesjonell, personleg eller privat?

    3. Når opplever du at fru Bafané er profesjonell, personleg eller privat?

  13. Micha er Bennis følgjeperson på skulen.

    1. Beskriv forholdet mellom Benni og Micha.

    2. Korleis trur du han vil beskrive Benni?

    3. Kva er det som gjer at Micha vel å ta med seg Benni på hytteturen?

    4. Når opplever du at Micha er profesjonell, personleg eller privat?

    5. Micha seier han har redningsfantasiar. Kva trur du ligg i det?

  14. Kunne du tenkt deg å jobbe med barn som har utfordrande åtferd? Kvifor eller kvifor ikkje?

  15. Vi møter barn og unge ut frå kva vi sjølv trur er riktig i den gitte situasjonen. Det er knytt til korleis vi sjølv har vorte møtte som barn, kva kunnskapar vi har tileigna oss om barn, og kva vi tenkjer om situasjonen barnet er i.

    1. Viss du skulle jobba med Benni, korleis ville du vore, og kva ville du gjort?

    2. Kvifor meiner du at dette er ein god måte å handle på, og kva trur du det ville ført til for barnet?

  16. Korleis endar filmen? Kvifor tyr barnevernet til den løysinga?

  17. Korleis trur du det kjem til å gå med Benni?

CC BY-SASkrive av Riborg Anna Ringereide.
Sist fagleg oppdatert 06.04.2021

Læringsressursar

Omsorgssvikt