Hopp til innhald

Fagstoff

Komplementærkontrast

Komplementærfargane står rett overfor kvarandre i fargesirkelen. Gult er komplementærfargen til lilla, grøn er komplementærfargen til raud og så vidare. Dei framhevar og forsterkar kvarandre. Ønskjer du at ein bestemt farge eller form skal få merksemd, kan komplementærkontrasten hjelpe deg.
Ittens fargesirkel med pil som viser eit komplementært fargepar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Komplementærkontrast blir rekna som den sterkaste kontrasten.

Større kontrastar gir meir liv. Ifølgje Itten er komplementærkontrast den sterkaste fargekontrasten. Den får du ved å bruke to fargar som står rett overfor kvarandre i fargesirkelen. Dei framhevar og forsterkar kvarandre.

Komplementære fargepar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Komplementærkontrasten skapar eit brot og vekkjer merksemda. Samtidig skal du vere litt forsiktig med å bruke mange slike kontrastar, sidan det kan skape støy.

Portrett av kvinne med raud hatt. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Blanding av komplementære fargar

Dei komplementære fargepara gjer kvarandre meir intense. Men viss du blandar dei i maling, vil det motsette skje: To komplementære fargar gir grå eller brun. Dette skjer fordi alle primærfargane (raud, blå og gul) er til stades i fargeblandinga samtidig.

Figur som viser at blanding av komplementære fargepar (alle tre primærfargane) gir grått og brunt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Komplementærkontrasten kan dempast

Reine komplementærfargar har eit sterkt spenningsforhold og kan bli ubehagelege å sjå på viss dei blir lagde oppå kvarandre. Du kan dempe verknaden ved å blande inn kvitt og/eller svart i fargane. Då vil fargesamansetjinga bli meir harmonisk.

Fargeelementer som bryter med de øvrige. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kari Roksvaag Rønning, Ellen Johansen og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 07.07.2019

Læringsressursar

Fargar