Hopp til innhald

Fagstoff

Simultankontrast

Simultan betyr samtidig. Ein farge blir påverka av fargane rundt. I biletdøma under er same gråfarge brukt, men han blir opplevd forskjellig alt etter kva farge han står saman med. Kontrasten oppstår fordi auget vil ha balanse og framkallar motfargen.
Visualisering av hvordan øyet framkaller komplementærfargen til bakgrunnsfargen. Infografikk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viss vi plasserer grå figurar med same valør på forskjellige reine fargeflater, vil vi oppleve at den grå fargen får ein tone av komplementærfargen:

  • Eit grått kvadrat på gul bakgrunn får innslag av lilla.
  • Eit grått kvadrat på oransje bakgrunn får innslag av blått.
  • Eit grått kvadrat på raud bakgrunn får innslag av grønt, og så vidare.
Figurar i ulike fargar kombinert med grått. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor skjer dette?

Dette heng saman med korleis auget vårt oppfattar farga lys og signala auget sender til hjernen. Bli med på eit lite eksperiment som kan forklare dette. (Bruk pilene nedst til høgre for å få full skjermvising.)

Simultankontrast

Simultankontrast oppstår fordi auget krever fargar som er komplementære for å få balanse. Auget vil skape inntrykk av den komplementære fargen, sjølv om han ikkje er der i verkelegheita. Vi opplever at fargar forandrar seg i forhold til bakgrunnen.

Ein nøytral grå lar seg lettast påverke av fargane rundt. Itten fortel om ein slipsprodusent som måtte trekkje varene sine tilbake. Dei gråstripa slipsa blei opplevd med eit grønskjær, fordi dei hadde raude striper. Også reine fargar har ein tendens til å bevege seg mot komplementærfargen.

Vi kan unngå simultankontrasten ved å bruke fargar med forskjellig lysheit. Stor kontrast mellom lys og mørke motverkar den simultane endringa.

Figurar i ulike fargar kombinert med grått. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruk fargane til å framheve det du ønskjer

Enten du jobbar med visuell kommunikasjon, skal utvikle eit produkt eller du jobbar med interiør, bør du ha fokus på at fargane blir opplevd ulikt etter kva fargar dei står saman med. Vi kan motvirke simultankontrasten i ein nøytral grå ved å blande inn litt av bakgrunnsfargen.

Fargeprøvar i raude og oransje tonar. Foto

Kontrastforsterking

Simultankontrasten blir også kalla kontrastforsterking. Når vi skal ta ut ein farge frå eit fargekart, ser vi gjerne ein liten fargeprøve mot kvit bakgrunn. Fargen vil verke mørkare og mindre kulørt (fargesterk) enn det fargen blir når vi bruker han på ei stor flate. På svart bakgrunn vil fargen verke lysare og klårare.

Skal du måle ein vegg eller trykkje ein plakat i stort format, bør du prøve ut fargen på ei større flate. Då blir ikkje fargeprøven påverka av ramma rundt, og du får eit riktigare inntrykk av fargen.



CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland og Kari Roksvaag Rønning.
Sist fagleg oppdatert 10.07.2019

Læringsressursar

Fargar