Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein ny designprofil for Slettmeg.no

I denne oppgåva skal du lage ein ny visuell identitet for ein eksisterande organisasjon. Sett deg inn i kva Slettmeg.no står for. Tenk over kva profilen skal kommunisere, og kven som er målgruppa. Bruk dette saman med det du har lært om fargekontrastar, når du skal velje ein ny fargeprofil.
Ein nal slettar fotavtrykk med binærkode. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Slettmeg.no

Slettmeg.no er ein gratis råd- og rettleiingsteneste for personar som føler seg krenka på nettet.
Dei gir informasjon om korleis du kan gå fram for å få sletta opplysningar.

Logo for Slettmeg.no. Illustrasjon.

Slettmeg.no er ei av fleire tenester som blir levert avNorsk senter for informasjonssikring (norsis.no).
NorSIS er ein uavhengig ideell organisasjon.

På slettmeg.no finn du logoen i png- og svg-format

Lag ein ny fargeprofil:

Vel ein hovudfarge med tre støttefargar. Tenk på at designet skal kommunisere og appellere til målgruppa når du vel fargar. Støttefargane skal framheve og spele saman med hovudfargen. Bruk det du har lært om ulike fargekontrastar.

Lag ein designprofil:

Vel to ulike kanalar profilen skal brukast i. Det kan til dømes vere i eit banner på nettsida og i ein reklame på sosiale medium.

Refleksjonsnotat:

Presenter den opphavlege logoen og forslaget ditt til ny designprofil i eit refleksjonsnotat.

Kva la du vekt på då du designa ein ny profil for slettmeg.no?
Grunngi fargevalet med tanke på at designet skal kommunisere og appellere til målgruppa. Korleis har du brukt fargekontrastar i den nye fargeprofilen?

Reflekter over kva du får kommunisert i forslaget ditt i forhold til den eksisterande logoen.


Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 28.05.2019

Læringsressursar

Fargar