Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Prøv ut fargane sin eigenkontrast

Vel eit ord eller eit namn som du skriv med doble bokstavar. Eksperimenter med ulike fargar på bokstavane og bakgrunnen. Vurder effekten av fargebruken.
Fargerike bokstavar på svart bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eksperimenter med bokstavar

  1. Fyll bokstavane med primærfargane raud, gul og blå.
    Plasser dei både på kvit og svart bakgrunn, og vurder korleis du opplever fargeverknaden.

    Prøv med og utan svarte konturlinjer når du plasserer bokstavane på kvit bakgrunn. Korleis opplever du forskjellen?
  2. Kopier ordet, men denne gongen fyller du bokstavane med sekundærfargane oransje, grøn og lilla.
    Test ut fargeverknaden på kvit og svart bakgrunn.

    Korleis er eigenkontrasten til primærfargane i forhold til eigenkontrasten til sekundærfargane?
  3. Fyll bokstavane med reine, klåre fargar.

    Kopier ordet to gongar. På den første kopien justerer du fargane ved å blande inn kvitt. I den andre kopien justerer du fargane ved å blande inn litt svart.

    Kva skjer no med eigenkontrasten?

Relatert innhald

Den enklaste kontrasten er fargane sin eigenkontrast eller kulørtonekontrasten. Denne oppstår når ein set minst tre ulike fargar saman.


CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2019

Læringsressursar

Fargar