Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Gå på jakt etter komplementærkontrastar

Legg merke til fargane rundt deg. Finn du motiv som har komplementære fargepar? Ta bilete der du eksperimenterer med ulike utsnitt. Prøv å kome nær motivet.
Ittens fargesirkel med pil som viser et komplementært fargepar. Illustrasjon.

Ittens fargesirkel og komplementærfargar

Komplementærfargane står rett overfor kvarandre i fargesirkelen. Gul er komplementærfargen til lilla, grøn er komplementærfargen til raud og så vidare. Dei framhevar og forsterkar kvarandre.


Komplementærfargar i komposisjon av bilete

Legg merke til korleis ein bestemt farge eller form kan få merksemd ved hjelp av komplementærkontrasten.

Komponer bilete med fargekontrastar

Eksperimenter med ulike komplementærfargar:

  1. Arranger motiv og bruk komplementærkontrast
    til å skape blikkfang i biletet.
  2. Fotografer motiv som har naturleg bruk av komplementærkontrasten.
  3. Gå nær motivet og lag utsnitt.
  4. Del bileta de er mest nøgde med, med kvarandre.
  5. Diskuter effekten av fargekontrastane.

Relatert innhald

Komplementærfargane står rett overfor kvarandre i fargesirkelen. Dei framhevar og forsterkar kvarandre.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 06.02.2024

Læringsressursar

Innføring i grafisk design