Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag ein salsplakat

Produser ein salsplakat for å selje ein gjenstand. Bruk det du har lært om argumentasjon og retorikk i utforminga.
Fotballspelar David Backham poserer i boxsershort på stor reklameplakat på husfasade. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

No skal du bruke det du har lært om argumentasjon og retorikk for å få selt ein gjenstand. Du må tenkje gjennom korleis du argumenterer og bruker retoriske verkemiddel i din eigen produksjon.

Oppdraget er å lage ein plakat for å selje ein gjenstand. Målgruppa er medelevane dine.

Plakaten må innehalde

  1. ein fengjande tittel som vekkjer interesse
  2. tekst som speler på alle dei tre retoriske appellformene (etos, logos og patos)
  3. illustrasjon eller bilete

Tips til korleis du kan argumentere for å overtyde

  • Bruk fleirtalsknepet (det fleirtalet gjer, er riktig).
  • Bruk autoritetar eller ekspertar.
  • Skaff deg truverd.
  • Finn fakta.
  • Appeller til mottakaren sitt verdisyn og/eller haldningar.
  • Ver oppriktig.

Gi kvarandre tilbakemelding

Når du er ferdig, skal du vise og forklare plakaten din til ein medelev. Still kvarandre følgjande spørsmål:

  1. Vekkjer tittelen min interesse?
  2. Speler plakaten på både etos, logos og patos?
  3. Korleis fungerer biletet eller illustrasjonen i samspel med teksten?
  4. Blir du overtydd til kjøp? Kva kunne ha vore betre?

Ting de kan prøve å selje

De kan gjerne finne på eigne ting de kan selje òg, men prøv då å kome på ting som liknar litt på forslaga under.

  • kasse med kortklipte Barbie-dokker
  • 50 tannbørstar
  • Kaptein Sabeltann-hatt som manglar fjør
  • ubrukte gifteringar gravert med "A+M"
  • FM-radio med kassettspelar
  • 100 pakkar nudlar
  • sjakkspel utan kongar
  • russedress frå 2020
  • DVD-spelar
  • klippekort på Brun og Blid som går ut om éi veke
  • skidress frå 80-talet
  • 50 ullteppe frå SAS
  • treski og stavar
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2020

Læringsressursar

Innføring i grafisk design