Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fargemeister?

Diskuter korleis de opplever fargar. Kan opplevinga av ein farge forandre seg når du set han saman med andre fargar?
Pop-art illustrasjon av fiskar som viser forskjellige fargekontrastar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

«Den som vil vere fargemeister, må sjå, føle og oppleve kvar enkelt farge og dei uendeleg mange kombinasjonane han kan ha med alle andre fargar.» (Johannes Itten)

Dette sitatet er skrive av Johannes Itten (1888–1967), som var lærar og målar. Sitatet finn vi i forordet til den japanske utgåva av Fargekunsten, som kom ut i 1964.

  1. Diskuter med ein medelev kva de trur Itten meinte med dette sitatet.
  2. Del nokre tankar om dette med resten av klassen.
CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2019

Læringsressursar

Innføring i grafisk design