Øving
Lag ein fargepalett
Ta utgangspunkt i eit fotografi som inneheld fargar som passar til føremålet. Derfrå plukkar du fire fargar som kommuniserer ein bodskap og passar til målgruppa. Bruk det du har lært i denne læringsstien og lag ein fargepalett til eit av desse føremåla:
- Invitasjon til bryllup
- Gåvepapir til ein leiketøysbutikk
Sjekkliste og eigenvurdering
Huk av for dei påstandane som er rette:
- Eg veit kva primærfargar som finst.
- Eg veit forskjell på eit additivt og eit subtraktivt fargesystem.
- Eg veit korleis vi lagar sekundærfargar.
- Eg veit kva simultankontrast er.
- Eg kjenner symbolverdien til fargane raud, gul, blå, grøn, svart og kvit.
- Eg har klart å bruke det eg veit om fargar på ein medviten måte i dette oppdraget.