Hopp til innhald

Fagstoff

Papirballstafett

I denne leiken konkurrerer laga om å bruke kortast mogleg tid på ein gitt avstand. Leiken utfordrar snøggleik, reaksjon, presisjon og taktikk.
Elevar som forsøkjer å treffe eit mål i rørsle, med papirballar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skildring

  • Lag papirballar. Krøll saman avispapir og surr til dømes pakketape rundt.
  • Del inn i lag. Alle skal springe éin gong, så det har ikkje så mykje å seie kor mange deltakarar det er på kvart lag.
  • Det eine laget skal starte å springe, og det andre laget skal starte med papirballar (3 stk. per person). Løpeavstanden kan til dømes vere på tvers av ein handballbane.
  • Laget med papirballar stiller seg 7–10 meter unna løpebanen. NB! Kvar person har berre 3 papirballar. Det er ikkje tillate å plukke opp nye når du har kasta alle dine 3 ballar.
  • Ein og ein skal springe distansen. Blir dei treft av ein papirball, må dei starte på nytt. Har dei kome halvvegs og er på veg tilbake når dei blir trefte, startar dei på nytt halvvegs. Tida startar når den første på laget startar, og stoppar når den siste deltakaren er i mål.
  • Etter dette skiftar laga rollar, og konkurrerer om å bruke kortast mogleg tid.
  • Du synest kanskje denne leiken høyrest litt skummel ut? La nokon du stoler på, kaste litt forsiktig med papirball mot deg. Det er ikkje så farleg som du trur.

Variantar

  • Løp fleire rundar.
  • Varier løpe- og/eller kasteavstand.

CC BY-SASkrive av Bjørn Erik Rolseth.
Sist fagleg oppdatert 05.02.2020

Læringsressursar

Leik