Hopp til innhald

Verktøy og mal

Snø, ski- og skøyteleik

Ein kan ha det utruleg morosamt i snøen både på beina og på ski, og på isen på skøyter. I tillegg kan du øve på å samarbeide med andre og reflektere over korleis du bruker kroppen din, i kjende og ukjende øvingar.
Tre unge menn står på ski på det same skiparet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gjennom leik kan du øve på samarbeid med andre, og gjennom samarbeid og forpliktande deltaking fremmar du læring hos deg sjølv og medelevane dine. Læring skjer i ein sosial kontekst. Det betyr at du lærer betre saman med andre enn du gjer åleine. Leik er ein sosial aktivitet der du kan bruke kunnskapane og ferdigheitene dine til å samarbeide med andre og bidra til andre si læring. I desse øvingane skal du òg reflektere over korleis du bruker kroppen. Dette kallar vi .

Læringsmål ski- og snøleik

Målet er at du skal

  • øve for å forbetre balansen

  • bli kjend med korleis du bruker kroppen i dei ulike øvingane og reflektere over dette etter økta

  • samarbeide og bidra til andre si læring gjennom parøvingar, gruppearbeid og leik

Snø- og skileik

Sprekk ballongen

Denne leiken kan de gjere både med og utan ski. Bruker de ski, treng de ikkje stavar.

Alle festar ein ballong med ein hyssing rundt ankelen. Det er om å gjere å sprekke dei andre sin ballong ved å trakke på han og samtidig passe på eigen ballong. Det er alle mot alle. Om ballongen din sprekk, kan du framleis trakke på andre sin ballong.

Ulvehiet

Denne leiken kan de gjere både med og utan ski. Bruker de ski, treng de ikkje stavar.

Lag ein stor sirkel. Tilpass sirkelen til talet på deltakarar. Er de 20–25 stykke, bør sirkelen vere omtrent 20 meter i . Inni denne sirkelen skal de lage eit kryss. Det er viktig at ingen trakkar utanfor sirkelen og krysset, for då blir det vanskeleg å sjå kvar stien/skiløypa går. Denne sirkelen med kryss er ulvehiet. Inni ulvehiet er det berre lov til å ta til venstre eller gå rett fram. Ein (eller fleire, avhengig av storleiken på gruppa) har sisten. Når hen som har sisten, tek nokon, er det denne personen sin tur til å ha sisten. Den som har sisten, må til ei kvar tid halde ei hand på hovudet heilt til hen har gitt sisten vidare til ein annan som skal halde handa på hovudet.


Rev og hi

Dette er ein leik som òg blir kalla "bil og garasje". De kan gjere denne både med og utan ski. Bruker de ski, treng de ikkje stavar.

De skal jobbe to og to i lag. Halvparten skal lage ein ring der de står med ansiktet vendt innover i ringen og omtrent ei armlengds avstand til personen ved sida av. Den andre halvparten skal lage ein ring utanfor den første ringen med omtrent ein meters avstand til personen framfor i den inste ringen. Stå med ansiktet innover i ringen og litt avstand mellom beina. Dei to som er i par, skal stå framfor og bak kvarandre, men i kvar sin ring. Dei som er i den inste ringen, er revar (eller bilar). Dei som står i den ytste ringen, er hi (eller garasjar). I midten av ringen ligg "maten", dette kan til dømes vere ein vest eller ei kjegle.

Leiken startar med at reven snur seg rundt og kryp ut av hiet (mellom beina) på den som står bak. Så skal reven springe ein runde rundt den ytste ringen. Reven skal finne tilbake til hiet, krype inn og fange "maten". Førstemann vinn.


Stafettar med ski

Sparkstyttingstafett

Del dykk inn i lag med fire–fem stykke på kvart lag, alle bruker ei ski og ingen stavar. Trakk opp eller bruk 20–30 meter ferdigpreparerte rette klassiske spor som ligg parallelt med kvarandre og med minst 50 centimeters avstand mellom spora. Laga bruker kvart sitt spor. Deltakarane på same lag fordeler seg med like mange i kvar ende av sporet. Om de er tre, fem eller sju (oddetal) på laget, må det stå flest på den sida der laget dykkar startar. De skal sparke frå med beinet utan ski og gli på beinet med ski, akkurat slik du gjer når du bruker ein sparkstytting.

Førstemann sparkar seg over til den andre sida og vekslar med andremann, som gjer akkurat det same. Laget er ferdig når alle på laget har gått lengda si.

De kan òg gjennomføre denne stafetten ved at alle på laget må gå to lengder. Då kan de setje ei kjegle i enden av løypa som alle må runde før dei går tilbake og vekslar med nestemann.

Hest og kjerre

Set saman to eller tre par på kvart lag. Den eine i paret er hest, mens den andre er kjerre. Hesten skal dra kjerra ved at den som er kjerre, tek tak i stavane til den som er hest, og den som er hest skal skøyte 30–40 meter, vende rundt ei kjegle og skøyte tilbake til utgangspunktet før paret vekslar med neste par.

Skøyteleik

Læringsmål skøyter

Målet er at du skal

  • øve for å forbetre balansen på skøyter

  • bli kjent med korleis du bruker kroppen i dei ulike øvingane og reflektere over dette etter økta

  • samarbeide og bidra til andre si læring gjennom parøvingar og gruppearbeid


Stiv heks

Ein eller to i gruppa har sisten og skal prøve å ta dei andre. Om du blir teken, må du stå i ro på isen med litt avstand mellom beina. For å frigjere nokon må du krype mellom beina deira utan å bli teken.

Koordinasjonsøvingar (kroppsleg læring)

Dette er oppgåver utan ein konkret fasit. Korleis kan du løyse desse oppgåvene med kroppen din?

  • Gli så lenge som mogleg på ei skøyte. Kva må du gjere for å få til det?

  • Gå baklengs. Kva må du gjere for å få til det?

  • Gå framover med litt fart, så skal du bråstoppe. Kva må du gjere for å få til det?

  • Gå saman to og to. Den eine skal dytte den andre. Kva fungerer best?

  • Gjer ein piruett. Kva må du gjere for å få til det? Klarer de å gjere ein piruett to og to i lag?

Isdans i grupper

Del dykk inn i grupper, fire–fem stykke på kvar gruppe. Gruppa får velje mellom to ulike låtar (Vivaldis "Vinteren" frå Dei fire årstidene eller Alan Walkers "The Spectre"). Gruppa får 10 minutt til å lage ein isdans saman. Alle på gruppa må delta i dansen. Lag ein dans som får fram alle sine sterke sider. Dansen skal vare mellom 30 sekund og 1 minutt.

Alle gruppene viser fram resultatet i slutten av økta. Ta gjerne ein prat om korleis klassen kan vere eit godt publikum før framvisinga.

Tips: Det kan vere lurt å ha med ein liten høgtalar slik at de høyrer låten under framvisinga.

Avslutning

Prat saman to og to og deretter i plenum om kva og korleis de har lært i denne økta når det gjeld

  • balanse

  • bruk av kroppen i ulike rørsler

  • samarbeid

Andre leikar

Døme på andre aktivitetar som fungerer godt både i snø- og skileik er

  • nappe hale

  • hauk og due

  • stiv heks

  • haien kjem / brøytebilen kjem

  • ti-trekk


Kjelde

Skiforbundet (u.å.). Gøy på ski! Aktiviteter for barn og unge. Henta 4. mai 2022 frå https://www.skiforbundet.no/globalassets/02-felles---medier/01-bildearkiv/barn/goypaski08.PDF

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2022

Læringsressursar

Leik